2.2. Å krympe filene litt ekstra

For å gjere biletfila litt mindre, kan du prøve med å omforme biletet til eit indeksert bilete. Dette kan gå svært bra for teikningar og andre bilete utan for mange fargar. For bilete med mjuke fargeovergangar vil indekseringa ofte gi tydelege fargestriper. Metoden er difor vanlegvis ikkje tilrådeleg for fotografi.

Figur 6.7. Det indekserte biletet

Det indekserte biletet

Indekserte bilete blir ofte kornete. Det store biletet er forstørra til 300%


  1. Bruk dialogen Modus for å konvertera RGB-biletet til eit indeksert bilete.

  2. Du kan nå lagra biletet i PNG-format.