2. Å tilpassa bilete for Internett

Revisjonshistorie
Revisjon $Revision: 2506 $ 2006-09-19 KoSt

Eit av dei store bruksområda for GIMP er å tilpassa bilete for nettsider. Dette betyr i praksis å få til best moglege bilete med minst moglege biletfiler. (Dette er god folkeskikk enda om du veit at alle brukarane har breiband). Denne vesle kokeboka vil vise deg korleis det er råd å forminska biletfilene utan at det går merkbart ut over kvaliteten.

2.1. Det optimale forholdet mellom storleik og kvalitet

Kva som er det optimale biletet for vising på Internett er avhengig av kva slag bilete du har og det filformatet du bruker. Eit fotografi med mange fargar bør for eksempel leggast ut i formatet JPEG. Eit mindre fargerikt foto, eller ei teikning eller ein trykknapp kan kanskje best leggast ut i formatet PNG. Det er slike val dette kapitlet handlar om.

  1. Det første du gjer er å opna biletet på vanleg måte. Her er vår kjære Wilber opna for å nyttast som eksempel.

    Figur 6.6. Biletet av Wilber opna i RGBA-modus

    Biletet av Wilber opna i RGBA-modus

  2. Biletet er nå opna i RGB-modus. Sidan det også har ein alfakanal i tillegg, blir nemninga RGBA. Til vanleg har du ikkje bruk for alfakanalen i eit bilete som skal synast på nettet, og kan fjerna denne ved å flate ut biletet.

    [Notat] Notat

    Dersom biletet inneheld gradvise overgangar til transparente område, kan du ikkje fjerna alfakanalen utan at også dei mjuke overgangane blir borte. Grafikk med harde overgangar til gjennomsiktige område kan lagrast utan alfakanalen i t.d. GIF-format.

  3. Nå kan du lagre biletet i PNG-format.

[Notat] Notat

Når du lagrar biletet i PNG-format kan du stort sett bruke dei førehandsinnstilte verdiane. Det einaste du treng forandra på er å setje kompresjonen til maksimum. Det er ingen kvalitetsmessige skilnader med å lagre i PNG-format i høve til t.d. JPEG-formatet så lenge biletet har mindre enn 256 fargar. Kunsten er å halde balansen mellom kvalitet og kompresjon.