12.2. Djupfletting

Dette filteret blir brukt for å lage eit nytt bilete som ein kombinasjon av to andre bilete. Du kan bestemma kva del av kvart av bileta eller laga som skal vere synlege.

12.2.1. Oversyn

Figur 16.286. Eksempel på bruk av filteret

Eksempel på bruk av filteret

Originalbiletet

Eksempel på bruk av filteret

Etter bruk av filteret “Djupfletting


Kvart av dei to bileta er kopla saman med eit kart som verkar som maske. Kartet er til vanleg ein gråskala fargeovergang. Mørke område i maska vil vise det underliggande biletet, medan lyse område i maska vil dekke over biletet.

[Notat] Notat

Filteret kan bare bruke bilete og masker som er like store og som er opna til skjermen når du kaller opp filteret.

Dersom du bruker filteret på eit bilete med fleire biletlag, vil alle laga som er like store som biletet bli lista ut i nedtrekkslista .

12.2.2. Å opne filteret

Du har tilgang til filteret frå biletmenyen via FilterKombinerDjupfletting

12.2.3. Innstillingar

Figur 16.287. Innstillingane for filteret “Djupfletting

Innstillingane for filteret Djupfletting

Kjelde 1, Kjelde 2

Dette er dei to bileta som skal blandast saman. Du kan velje bilete ved hjelp av nedtrekksmenyen.

Djupnkart

Dette er dei to karta som er blir brukte for å maskere kjeldebileta. Du kan velje bilete ved hjelp av nedtrekksmenyen.

Overlapping

Med denne glidebrytaren kan du bestemma, på ein skala frå 0,0 til 2,0 kor mjuke overgangane mellom bileta skal vere.

Forskyving

Denne glidebrytaren styrer kvar overgangen mellom dei to bileta skal vere. Verdien -1,0 gjer at kjelde 1 blir dominerande medan verdien 1,0 gjer at kjelde 2 blir dominerande. Verdiar mellom desse fordeler visinga tilsvarande mellom bileta. Kva for biletdelar i kva for bilete som blir synlege, er også avhengig av kor lyse dei er.

Skalering 1; Skalering 2

Same som Forskyving ovanfor, men meir nøyaktig i og med at du kan stille inn kvart kart kvar for seg. Når du bruker låge verdiar her, vil dette påverke kartet slik at biletet blir mørkare. Dermed blir svart meir dominant og såleis gjere meir av biletet synleg.

12.2.4. Eksempel

Karta er fargeovergangar i gråskala laga med verktøyet fargeovergangar og modifisert med kurveverktøyet.

Figur 16.288. Kjeldebileta og tilhøyrande kart

Kjeldebileta og tilhøyrande kart

Kjelde 1

Kjeldebileta og tilhøyrande kart

Kjelde 2

Kjeldebileta og tilhøyrande kart

Kart 1

Kjeldebileta og tilhøyrande kart

Kart 2


Studerer du litt på bileta av resultatet, og samanliknar med bileta over, ser du kanskje kva som har skjedd. Bilete 1 er behandla av kart 1: Den raude firkanten er maskert og bare den gule firkanten er synleg. Bilete 2 er behandla av kart 2: Den raude sirkelen er maskert og bare den grøne sirkelen er synleg. Resultat: Den grøne sirkelen og den gule firkanten er synlege framleis, resten er maskert bort.

Figur 16.289. Resultat

Resultat

Utan forskyving og overlapping. Grensa mellom dei to bileta er skarp og nøyaktig i midten av fargeovergangsmaska.

Resultat

Forskyving = 0,980 : Grensa er framleis godt markert, men er flytta slik at bilete 2 er meir synleg.

Resultat

Overlapping: Grenselinja er nå uklar.

Resultat

Skalering 1 er redusert til 0,056: Også her er grenselinja diffus. Den synlege delen av bilete 1 er blitt større.