Figur 16.33. Eksempel på bruk av kantfilteret
Originalbilete
Etter bruk av filteret (Algoritme: Sobel)
Figur 16.34. Eksempel på bruk av kantfilteret
Etter bruk av filteret (Algoritme: Prewitt)
Etter bruk av filteret (Algoritme: Gradient)
Figur 16.35. Eksempel på bruk av kantfilteret
Etter bruk av filteret (Algoritme: Roberts)
Etter bruk av filteret (Algoritme: Differensiell)
Kantfilteret bruker ulike algoritmer (matematiske likningar) for å finne konturane. Du finn litt forklaringar på desse i neste avsnitt.
Filteret kan bruke fleire ulike metodar for å oppdage kantar i biletet:
Laplace: Sidan det ikkje finst innstillingar for denne algoritmen i dette filteret, er kanskje filteret sobelrelieff meir interessant.
Prewitt: Resultatet er svært likt det du får med bruk av Sobel.
Fargeovergang: Kantane er smalare, med mindre kontrast og meir sløra enn ved bruk av Sobel.
Roberts: Ingen synleg skilnad frå Sobel.
Differential: Ikkje fullt så lyse kantar som med Sobel.
Laplace: Sidan det ikkje finst innstillingar for denne algoritmen i dette filteret, er kanskje filteret laplace meir interessant.
Denne glidebrytaren har ei skala frå 1 til 10. Eit lågt tal resulterer i eit svart bilete med høg kontrast og tynne strekar. Ein høg verdi resulterer i breie kantar med låg kontrast og mange fargar i mørke område.
Bestemmer kvar programmet skal sjå etter samanliknbare pikslar når det arbeider på kanten av biletet. Valet vil bare påverka biletkanten, om det i det heile har noen verknad. Som oftast vil valet Smør gi det beste resultatet. Dette er også normalinnstillinga.