Dette filteret lager eit relieffliknande bilete ved å teikne dei horisontale og vertikale kantane kvar for seg. Fargebilete blir omforma til RGB-bilete, dersom dei ikkje er det frå før. Som med Laplace-filteret, blir resultatet eit bilete med tynne strekar og noen fargerestar her og der.
Verknaden av filteret er avhengig av kva retning det arbeider. Ved å krysse av i ein av boksane, eller begge, kan du bestemma om filteret skal teikna dei horisontale eller vertikale kantane.
Denne innstillinga gjeld bare dersom du har kryssa av for ei retning, og gir då eit grått, relieffliknande bilete.