4.5. Neon

4.5.1. Oversyn

Figur 16.39. Eksempel på bruk av filteret

Eksempel på bruk av filteret

Originalbilete

Eksempel på bruk av filteret

Etter bruk av filteret “Neon


Filteret finn kantar i det aktive laget eller det aktive utvalet og gir desse kantane ein lys neoneffekt.

Script-Fu-skriptet med same namnet arbeider heilt ulikt dette filteret. Skriptet blir brukt til å lage neonbokstavar med. Sjå Seksjon 15.18, “ Neon for nærare omtale.

4.5.2. Aktivering

Du har tilgang til filteret frå biletmenyen via FilterKonturNeon

4.5.3. Innstillingar

Figur 16.40. Innstillingane for filteret “Neon

Innstillingane for filteret Neon

Radius

Denne bestemmer kor breie konturane skal vere.

Mengde

Denne styrer, på ein relativ skala frå 0,00 til 1,00, kor sterk filtereffekten skal vere. Dess høgare tal dess sterkare effekt.