15.3. Alien Glow

Revisjonshistorie
Revisjon $Revision: 2492 $ 2007-11-12 KoSt

15.3.1. Oversyn

Figur 16.311. Eksempel på bruk av filteret

Eksempel på bruk av filteret

Etter bruk av filteret “Alien Glow


Filteret lagar eit nifs glød rundt alfakanalen i det aktive laget.

[Advarsel] Advarsel

Storleiken på biletet blir alltid sett til den same som det aktive laget.

Filteret er utvikla frå skriptet “Alien Glow” (UtvidingarLogoAlien Glow i verktøykassa) som lagar følgjande teksteffekt:

Script-Fu-skriptet “Allien Glow”.

Dette er lett å reprodusera:

  • Dersom det er nødvendig, opprett eit utval frå alfakanalen av det aktive laget.

  • Fyll utvalet med følgjande fargeovergang med blandeverktøyet sett til: Form = Forma (sfærisk); Fargeovergang = FG til BG (RGB), med FG = mørkgrå (79,79,79), BG = svart.

  • Opprett eit nytt lag (“Alien Glow”) nedanfor. Utvid utvalet lite grann, lag mjuke kantar på det og fyll det med glødfarge.

  • Opprett ein ny bakgrunn fylt med svart.

15.3.2. Aktivering

Du har tilgang til filteret frå biletmenyen via FilterAlfa til logoAlien Glow

15.3.3. Innstillingar

Figur 16.312. Innstillingar for filteret “Alien Glow

Innstillingar for filteret Alien Glow

Glødstorleik (pikslar × 4)

Dette er eigenleg skriftstorleiken brukt i Script-Fu-skriptet “Alien Glow”, men verdien her blir også brukt til å bestemme to andre verdiar. Gløden blir forstørra med “gødstorleik” / 30 og radius for den mjuke kanten blir sett til “glødstorleik” / 4. Ut frå dette kan det vere greitt å bruke høgda på objektet som glødstorleik.

Glødfarge

Dette er fargen på den “nifse” glødinga. Forvalet er sett til grøn (63,252,0), men du kan sjølvsagt forandre fargen ved å klikke i fargeruta.