16.2. 3D-omriss

16.2.1. Oversyn

Figur 17.370. Eksempel på bruk av filteret «3D-omriss»

Eksempel på bruk av filteret «3D-omriss»

Filteret «3D-omriss»

Eksempel på bruk av filteret «3D-omriss»

Logoen «3D-omriss»


Filteret, som er utvikla frå skriptet «3D-omriss» (FilHent innLogoar3D-omriss i biletmenyen), oppretter ein logo (sjå ovanfor) der det blir lagt til eit omriss rundt teksten og ein slagskygge.

Filteret teiknar eit omriss rundt dei ugjennomsiktige områda i det gjeldande laget med eit mønsterelement. Området blir bestemt av alfakanalen. Filteret legg også til ein slagskygge.

Filteret bruker filteret Sobel kantfinning for å finne omrisset for alfaområdet. Er dette området eit enkelt rektangel, vil filteret berre markere utvalsgrensene. Dersom du derimot hugsar på å aktivere lagmaska, vil filteret legge filtereffekten også til dei kantane som måtte finnast i lagmaska.

Figur 17.371. Eksempel med fleirfarga lagmaske

Eksempel med fleirfarga lagmaske

Med ei lagmaske (alfa) som denne ...

Eksempel med fleirfarga lagmaske

... blir resultatet slik


[Åtvaring] Åtvaring

Storleiken på biletet blir alltid sett til den same som det aktive laget.

16.2.2. Aktivering

Du har tilgang til filteret frå biletmenyen via FilterAlfa til logo3D-omriss.

Dette filteret er aktivt berre dersom det aktive laget har alfakanal. Elles er menyvalet gråa ut.

16.2.3. Innstillingar

Figur 17.372. Innstillingane for filteret «3D-omriss»

Innstillingane for filteret «3D-omriss»

Mønsterelement

Her kan du sjå, og også endre, det gjeldande mønsterelementet. Når du klikkar på visinga, blir det vist eit forstørra utsnitt av mønsteret så lenge du held museknappen nede. Trykk knappen Bla gjennom... for å få fram oversynet over alle mænsterelementa du kan velje mellom.

Sløringsradius for omrisset

Denne blir brukt for å sløre alfakanalen før kantfinninga veljer ut det området som skal fyllast med mønsteret. Dette er årsaka til at ein høg verdi her vil resultere i eit breidt men utsmørd mønster:

Figur 17.373. Eksempel på bruk av sløringsradius for omrisset

Eksempel på bruk av sløringsradius for omrisset

Radius: 5

Eksempel på bruk av sløringsradius for omrisset

Radius: 20

Eksempel på bruk av sløringsradius for omrisset

Radius: 40


Sløringsradius for skyggen

Denne bestemmer kor mykje slagskyggen skal slørast. Ein høg verdi gir sterk sløring:

Figur 17.374. Eksempel på bruk av sløringsradius for skyggen

Eksempel på bruk av sløringsradius for skyggen

Radius: 10

Eksempel på bruk av sløringsradius for skyggen

Radius: 20

Eksempel på bruk av sløringsradius for skyggen

Radius: 40


Sløringsradius for avbildingskartet (alfalaget)

Filteret bruker eit avbildingskart for å få til 3D-effekten i det aktive laget (alfalaget) som kantfinninga blir brukt på. Før mønsteret blir prega blir det lagt til gaussisk sløring med den spesifiserte radiusen. Ein høg verdi her vil såleis redusere 3D-effekten.

Bruk normalinnstillingane for avbildingskartet

Dersom denne er avkryssa, som er normalinnstillinga, vil avbildingskartet bli brukt med normalinnstillingane. Elles vil dialogvindauget for avbilding frå kart dukke opp slik at du kan velje ulike innstillingar. Det kan vere verd å merke seg at dersom du lukker dette dialogvindauget ved å trykke på knappen Avbryt vil det ikkje bli lagt til noko avbildingskart i det heile.

X- og Y-forskyving av skygge

Her bestemmer du kor mange pikslar skyggelaget skal forskyvast mot høgre (X) og nedover (Y). Laget vil bli skore til biletstorleiken. Sidan det ikkje er eit eigentleg bakgrunnslag, vil den opphavlege skyggeplassen bli tom:

Figur 17.375. Eksempel på forskyving av skygge

Eksempel på forskyving av skygge

X-forskyving: 50; Y-forskyving: 20