10.6. Undermenyen «Script-Fu»

Figur 16.207. Undermenyen «Script-Fu»

Undermenyen «Script-Fu»

Dette menyvalet kan innehalde ein del Script-Fu-kommandoar avhengig av oppsettet på maskinen. Minimum er valet for å opne Script-Fu-konsollen som blir brukt for å skrive inn skript. Script-Fu er eit programmeringsspråk som blir brukt til å lage skript for å automatisere seriar av kommandoar i GIMP.

10.6.1. Aktivering av undermenyen

  • Du har tilgang til denne undermenyen på biletmenyen via FilterScript-Fu

10.6.2. Oppdater skripta

Denne kommandoen blir brukt kvar gong du legg til, fjernar eller endrar eit Script-Fu-skript. Kommandoen lastar inn alle Script-Fu på nytt og bygger opp menyane som inneheld Script-Fu på nytt frå botnen av. Dersom du ikkje bruker denne kommandoen, vil endringane ikkje bli lagt inn før du startar GIMP på nytt.

Ver merksam på at dersom du ikkje lagrar, får du ingen tilbakemeldingar dersom det er feil i eit av skripta.

10.6.3. Script-Fu-konsollen

Dette er eit dialogvindauge der du kan prøve ut Scheme-kommandoar interaktivt.

Konsollen inneheld eit stort hovudvindauge for uttdata og ein innskrivingsboks for inndata. Når du skriv eit Scheme-utsegn i innskrivingsboksen og trykker på Enter-tasten vil kommandoen du skreiv inn og returverdien for denne bli skriven ut i hovudvindauget.

Figur 16.208. Script-Fu-konsollen

Script-Fu-konsollen

Du kan finne meir om Scheme og eksempel på bruken av Script-Fu konsollen i Del 3, “Ei innføring i Script-Fu”.

Knappane i Script-Fu-konsollen

Bla gjennom («Browse»)

Klikk på denne knappen for å opna prosedyrelesaren som vil liste ut alle tilgjengelege prosedyrar. Nedst i dette vindauget finn du også ein ny knapp:

Bruk-knappen i prosedyrelesaren

Når du trykker på knappen Bruk, vil den valde prosedyren bli limt inn i tekstområdet:

Tillagt PDB-prosedyre

Du må nå bare bytte ut parameternamna (her «layer» og «mode») med høvelege verdiar og deretter aktivere prosedyren ved å trykke på Enter.

Lukk

Trykk på denne knappen for å lukke Script-Fu-konsollen.

Tøm

Trykk på denne knappen for å fjerna innhaldet i hovudvindauget. Innhaldet forsvinn for alltid og kan ikkje hentast inn igjen på noen måte.

Lagra

Eit trykk på denne knappen vil lagra innhaldet i hovudvindauget, altså utdata frå Script-Fu-konsollen (også «>»-teikna).

10.6.4. Start tenaren

Denne kommandoen startar ein tenar (server) som les og utfører Script-Fu-uttrykka (Scheme-uttrykka) du har send til han via ein spesifisert port.

Figur 16.209. Innstillingane for Script-Fu-tenaren

Innstillingane for Script-Fu-tenaren

Tenarport

Dette er portnummeret Scrip-Fu-tenaren hente data frå. Du kan sjølvsagt starte fleire tenarar med ulike portnummer.

Logfil for tenaren

Her kan du eventuelt skrive inn namnet på den fila tenaren skal bruke for å registrere informasjonar og feilmeldingar. Dersom du ikkje skriv inn noe her, vil meldingane bli skrivne til standardutgangen.

Protokollen for Script-Fu-tenaren

Protokollen for å kommunisere med Script-Fu-tenaren er svært enkel:

  • Alle meldingar (Script-Fu-uttrykk) med lengde L som blir sende til tenaren må ha følgjande 3 bytes framføre seg:

    Tabell 16.1. Headerformat for kommandoane

    Byte-Nr. Innhald Beskriving
    0 0x47 Gjenkjennings-(«magisk»)-byte ('G')
    1 L div 256 Høgverdibyten for L
    2 L mod 256 Lågverdibyten for L

  • All respons frå tenaren (returverdiar eller feilmeldingar) med lengde L vil ha følgjande 4 bytes framføre meldinga:

    Tabell 16.2. Headerformat for responsen

    Byte-Nr. Innhald Beskriving
    0 0x47 Gjenkjennings-(«magisk»)-byte ('G')
    1 feilkode 1 ved feil, elles 0
    2 L div 256 Høgverdibyten for L
    3 L mod 256 Lågverdibyten for L

[Tips] Tips

Dersom du ikkje vil bli skiten på hendene, kan du bruke Pythonskriptet servertest.py, som ligg saman med kjeldekodene for GIMP, som ein enkel kommandotolkar for Script-Fu-tenaren.