11. Menyen «Vindauge»

Denne menyen blir brukt for å handtere vindaugedialogen i GIMP:

Menynamnet «Vindauge» passar vel eigentleg ikkje heilt i enkeltvindauge-modus. Oppføringane i menyen viser til funksjonar som finst både i enkelt- og multivindauge-modus. Kva som blir vist, vil vere avhengig av om det er aktive bilete- og innlimingsvindauge eller ikkje:

Figur 16.210. Innhaldet i undermenyen «Vindauge»

Innhaldet i undermenyen «Vindauge»

Utan opne biletvindauge

Innhaldet i undermenyen «Vindauge»

Med opne bilete


  1. Tidlegare lukka samlevindauge: Dette menyvalet opnar lista over dei samlevindauga du nyleg har lukka. Du kan opna dei igjen ved å klikke på namnet. Legg merke til at frittståande vindauge ikkje er med i denne lista.

    Sjå meir om samlevindauge i Dialogar og samlevindauge.

  2. Dialogvindauge: Opnar ei liste over dialogar som kan limast inn i andre dialogar. Sjå om dette i Del 2.3, “Dialogar og samlevindauge («dokker»)”.

  3. Verktøykassa: Klikk på denne oppføringa, eller bruk tastekombinasjonen Ctrl + B for å løfte verktøykassa og som oftast også verktøyinnstillingane til fremst på skjermen.

  4. Lista over opne biletvindauge: Klikk på eit biletnamn, eller bruk tastekombinasjonen Alt + Biletnummeret for å gjere biletet aktivt.

  5. Lista over opne dialogvindauge: Desse får namn etter den aktive dialogen i dialogvindauget. Klikk på namnet for å løfte dialogvindauget fremst på skjermen.

  6. Gøym samlevindauga (Tab): Skjuler samlevindauga som finst på både høgre og venstre panel. Bare biletvinhdauget er synleg. Dersom du lukker GIMP med denne statusen, vil GIMP bli opna neste gong med same status, dvs. med bare biletvindauget synleg i multivindauge-modus, men ikkje i enekkltvindaugemodus, sjølv om det er merka av for dette.

  7. Enkeltvindauge-modus: GIMP blir vist i eitt vindauge. Sjå meir om dette i Enkeltvindauge-modus.