2.5. Histogramdialogen

Figur 15.16. Histogramdialogen

Histogramdialogen

Histogramdialogen viser informasjon om den statistiske fordelinga av fargeverdiane i det aktive laget eller utvalet. Denne informasjonen kan vere nyttig for å bestemma fargebalansen i eit bilete. Dette er rein informasjon. Ingenting av det du gjer i dialogen har noe som helst innverknad på biletet. Dersom du har behov for å gjere histogrambaserte endringar på biletet, må du bruke nivåverktøyet.

2.5.1. Aktivering

Dette er ein dialog som kan limast inn i andre dialogvindauge. Sjå nærare om dette i Del 2.3, “Dialogar og samlevindauge («dokker»)”.

Du har tilgang til dialogvindauget

  • frå biletmenyen via VindaugeDialogvindaugeHistogram,

  • frå fanemenyen ein annan dialogmeny ved å klikke på fanen og velje Legg til faneHistogram

  • eller frå biletmenyen via VindaugeDialogvindaugeHistogram.

Dersom minst eitt dialogvindauge er ope, kan du i menyen Vindauge finne ei liste over løyste vindauge. Du kan i tilfelle løfte banedialogen frå biletmenyen: VindaugeHistogram.

2.5.2. Om histogram

I GIMP kan eit biletlag delast opp i ein eller fleire fargekanalar. Eit RGB-bilete har såleis ein kanal for kvar av fargane raud, grøn og blå, medan eit gråskalabilete har ein enkelt kanal som viser lysverdiane for kvar piksel. Dersom laget også har gjennomsikt, har det i tillegg ein alfakanal. Kvar kanal inneheld ulike intensitetsnivå. Desse kan ha heiltalsverdiar frå 0 til 255. Ein svart piksel har såleis verdien 0 i alle fargekanalane, medan ein kvit piksel har verdien 255 i dei same kanalane. Ein gjennomsiktig piksel har verdien 0, og ein ugjennomsiktig piksel verdien 255 i alfakanalen. Delvis gjennomsiktige pikslar har verdiar mellom desse.

For RGB-bilete er det praktisk å definera ein «pseudokanal» i tillegg. Dette er ikkje ein verkeleg fargekanal. Verdiane i denne kanalen er ikkje lagra direkte i biletet, men blir sett saman ut frå fargeverdiane i biletet. Dette er den verdien kvar piksel ville fått om du omforma biletet til gråskalamodus ut frå formelen V = maks(R,G,B).

Du finn meir informasjon om kanalane i kapitlet om å arbeide med bilete.

2.5.3. Å bruke histogramdialogen

Namnet på det aktive laget blir vist øvst i dialogvindauget.

Kanal

Figur 15.17. Innstillingane for eit RGB-lag med alfakanal

Innstillingane for eit RGB-lag med alfakanal

Denne menyen bruker du for å bestemme kva for ein kanal som skal visast. Kva for val som er tilgjengelege er avhengig av lagtypen i det aktive laget. Dei ulike oppføringane betyr:

Verdi

Denne viser fordelinga av lysverdiar i eit bilete i RGB- eller gråskala-modus. For gråskalabiletet blir desse verdiane lese direkte frå biletet, medan dei for RGB-biletet blir tatt frå pseudokanalen verdi.

For eit indeksert bilete viser kanalen «Verdi» fordelinga av indeksane, altså kor ofte kvar av fargane i fargekartet er brukt i biletlaget. Strengt tatt er dette difor eigentleg ikkje eit histogram, men ei histogramliknande oppstilling.

Raud, Grøn, Blå

Desse finst bare i biletlag frå bilete i RGB-modus. Dei viser fordelinga av intesitetsnivåa for kvar av kanalane raud, grøn og blå.

Alfa

Denne viser fordelinga av gjennomsikt. Dersom laget er fullstendig ugjennomsiktig (alfa = 0) eller fullstendig gjennomsiktig (alfa = 255), blir dette vist med ein enkel stolpe ved venstre eller høgre kant.

RGB

Figur 15.18. Eit kombinert histogram for R, G og B kanalane.

Eit kombinert histogram for R, G og B kanalane.

Dette menyvalet viser eit samla histogram sett saman av histogramma for R, G og B. Dette valet er sjølvsagt bare tilgjengeleg for bilete i RGB-modus.

Knappane Lineær / Logaritmisk

Figur 15.19. Histogrammet vist øvst er nå endra til logaritmisk vising.

Histogrammet vist øvst er nå endra til logaritmisk vising.

Desse knappane styrer om histogrammet skal visast med lineær eller logaritmisk Y-akse. Som oftast bli lineær modus brukt på fotografi og dei fleste liknande bilete. Dersom biletet inneheld større einsfarga område, vil histogrammet ofte bli dominert av ein enkelt stolpe. Då kan logaritmisk vising gi eit betre inntrykk av fordelinga.

Områdeval

Figur 15.20. Histogram med avgrensa utval

Histogram med avgrensa utval

Du kan avgrensa området som skal brukast for statistikken nedst i dialogen på tre måtar:

  • Klikk og dra musemarkøren over det området, frå det lågaste nivået til det høgaste, av histogrammet som du vil ha med i analysen.

  • Klikk og dra dei kvite eller svarte trekantane på glidebrytarane like under histogrammet.

  • Bruke talboksane. Den til venstre set nedre grense for området, den til høgre øvre grense.

Statistikk

Den nedre delen av dialogen viser litt statistikk over fordelinga av kanalverdiane i det markerte området:

  • Middelverdi: Dette er middelverdien for lysverdiane i det valde området.

  • Standardavvik: Gir eit inntrykk av kor homogen fordelinga av lysverdiane er.

  • Median: Den midtre verdien i intervallet. Vil for eksempel vere verdien av den 50. pikselen i eit intervall på 100 pikslar.

  • Pikslar: Talet på pikslar i det aktive laget eller utvalet.

  • I området: Talet på pikslar i det området som blir markert når du klikkar på histogrammet.

  • Prosentil: Forholdet mellom talet på pikslar i det markerte området og talet på pikslar i heile det aktive laget eller utvalet.