2.4. Fargekart for indekserte fargar

Figur 15.14. Eit indeksert bilete med 6 fargar og tilhøyrande fargekart

Eit indeksert bilete med 6 fargar og tilhøyrande fargekart
Eit indeksert bilete med 6 fargar og tilhøyrande fargekart

Dialogvindauget med fargekart for indekserte fargar (også kalla indeksert palett) blir brukt for å redigera fargane i eit indeksert bilete. Dersom biletet er i RGB- eller gråskalamodus, vil dialogvindauget vise ein palett utan fargar.

2.4.1. Aktivering

Dette er ein dialog som kan limast inn i andre dialogvindauge. Sjå nærare om dette i Del 2.3, “Dialogar og samlevindauge («dokker»)”.

Du har tilgang til dialogvindauget

  • frå biletmenyen via VindaugeDialogvindaugeFargekart

  • eller frå fanemenyen ein annan dialogmeny ved å klikke på fanen og velje Legg til faneFargekart

Dersom minst eitt dialogvindauge er ope, kan du i menyen Vindauge finne ei liste over løyste vindauge. Du kan i tilfelle løfte banedialogen frå biletmenyen: VindaugeFargekart.

2.4.2. Fargekart og indekserte bilete

I eit indeksert bilete får kvar piksel farge frå ein bestemt stad på fargekartet og ikkje, slik som i gråskalabilete eller RGB-bilete, frå fargen direkte. Når fargen for ein piksel skal visast, finn GIMP verdien av pikselen og hentar den fargen som ligg på tilsvarande stad i fargekartet.

For å finne fargen ein bestemt piksel skal ha, ser GIMP på indeksen til fargekartet for biletet. Kvart indekserte bilete har sitt eige fargekart. I GIMP kan dette kartet innehalde opp til 256 ulike fargar. I eit fullt fargekart har altså kvar indeks frå 0 til 255 sin unike farge. Det er ingen restriksjonar på kva farge som kan brukast og heller ikkje på rekkefølgja av ei.

Det er viktig å vere klar over at fargane i fargekartet er dei einaste tilgjengelege fargane i eit indeksert bilete. Du kan gjere forandringar i fargekartet, men ikkje hente inn fargar til biletet frå andre stader enn frå kartet. Dette kan påverka mange av operasjonane du kan gjere på eit bilete. Bruker du for eksempel mønsterfyll, vil GIMP ikkje alltid finne den eksakte fargen i fargekartet men må slumpe litt og bruke den fargen som ligg nærast den ønskte fargen. Dette blir ofte kalla kvantisering. Dersom fargekartet er lite, altså med få fargar, kan dette resultere i nokså dårleg kvalitet.

Ved hjelp av fargekartdialogen kan du gjere endringar i fargekartet for eit bilete, anten ved å lage nye oppføringar eller ved å endre fargane i eksisterande oppføringar. Dersom du forandrer fargen for ein indeks, vil du sjå at alle pikslane som refererer til denne indeksen forandrar farge. Elementa er nummerert frå 0 i øvre, venstre hjørne, 1 på den neste osv.

2.4.3. Å bruke fargekartdialogen

Her er eit oversyn over operasjonar du kan gjere med denne dialogen:

Klikke på ein farge

Den fargen du klikkar på blir forgrunnsfargen vist i verktøykassa. Det er denne fargen som blir brukt som strekfarge på teikneoperasjonane.

Ctrl-klikk på ein farge

Den fargen du Ctrl-klikkar på blir bakgrunnsfargen vist i verktøykassa.

Dobbeltklikk på ein farge

Dette gjer fargen til forgrunnsfarge, men opnar også fargehandteraren slik at du kan velje ein ny farge for denne indeksen.

Fargeindeks

Du kan markere ei fargeoppføring ved å skrive inn indeksnummeret, eller bruke pilknappane til høgre.

HTML-notasjon

Her blir hexkoden for fargen vist. Kan vere nyttig dersom du skal bruke fargen i HTML-kode, altså i nettsider. Du kan også redigere fargen ved å skrive inn ny hexkode. Du finn meir om dette i ordlista under html-notasjon.

Rediger farge

Du kan også bruke denne knappen nede i venstre hjørne, for å hente fram fargehandteraren for å redigere aktiv farge i fargekartet. Skilnaden frå dobbeltklikkinga, er at når du bruker denne knappen, blir ikkje fargen sett til forgrunnsfarge.

Legg til farge

Denne knappen, som du finn i nedre, høgre hjørne, blir brukt når du ønskjer å legge til ein ny farge i fargekartet. Trykker du på denne knappen, vil forgrunnsfargen som er vist i verktøykassa bli flytt til slutten av fargekartet. Dersom du held inne Ctrl-tasten medan du klikkar, vil bakgrunnsfargen bli brukt. Dette kan bare gjerast dersom fargekartet inneheld mindre enn 256 fargar.

[Tips] Tips

Skulle du gjere ein feil, kan du tilbakestille fargekartet ved å setje peikaren på biletet med det aktuelle fargekartet og trykke tastekombinasjonen Ctrl + Z eller bruke RedigerAngre i biletmenyen.

[Notat] Notat

Denne dialogen inneheld dei mest vanleg metodane for å endre fargane i fargekartet for eit indeksert bilete. Fargeverktøya kan ikkje arbeide på indekserte bilete. Derimot er det noen få programtillegg som kan det, så som «normaliser» «VColor Enhance» og «strekk kontrast». Har du lyst til å prøve, kan du kanskje også lage noen sjølv.

[Notat] Notat

Dersom du bruker ein farge som ikkje finst i fargekartet, vil GIMP bruke den fargen i fargekartet som kjem nærast.

2.4.4. Lokalmenyen for fargekartet

Dersom du høgreklikkar på ein farge i fargekartet, vil det i tillegg til at denne fargen bli vald også bli opna ein undermeny:

Figur 15.15. Lokalmenyen for fargekartet

Lokalmenyen for fargekartet

Rediger farge

Denne kommandoen opnar fargeveljaren slik at du eventuelt kan endre fargen.

Ny farge frå FG

Denne kommandoen legg forgrunnsfargen i verktøykassa til fargekartet. Dette valet er bare tilgjengeleg dersom den indekserte paletten har mindre enn 256 fargar.

Legg til farge frå BG

Denne kommandoen legg bakgrunnsfargen i verktøykassa til fargekartet. Dette valet er bare tilgjengeleg dersom den indekserte paletten har mindre enn 256 fargar.

Ordne fargekartet på nytt

Denne kommandoen er omtalt i Del 8.19, “Ordne fargekartet på nytt”.