Kommandoen
gjer biletet større eller mindre ved å endre talet på pikslar i biletet. Dermed også storleiken på biletfila. Lerret blir tilpassa den nye storleiken.Kommandoen verkar på heile biletet. Dersom biletet inneheld ulike store lag, kan det hende at noen av dei blir reduserte til ingenting når du forminskar biletet. Forminskinga fører til at laga skulle innehalde mindre enn ein piksel, men sidan dette er uråd, forsvinn laga. Skulle dette skje, vil du få ei åtvaring på førehand.
Ønskjer du å skalere eit bestemt lag, bruker du kommandoen skaler lag.
Notat | |
---|---|
Dersom forstørringa fører til at biletet blir større enn «Maksimumsformat for nye bilete» sett i dialogen omgivnader i brukarinnstillingane (normalverdi 128 Mb), blir du åtvara og spurd om du verkeleg ønskjer dette. Det vil ikkje føre til problem om du oppretter så store bilete, bare du er klar over at dei opptar store mengder minne, noe som gjer at maskinen din arbeider seinare og i verste fall kan få GIMP til å krasja. |
Eit bilete kan bli oppbevart på ein eller fleire av fire ulike stader: Som ei biletfil, i RAM (minnet på maskinen din), på skjermen eller på papir. Når du skalerer biletet, forandrar du mengda av pikslar i biletet, og dermed også mengda av minne i RAM eller i biletfila som biletet treng.
Utskriftstorleiken for eit bilete er i tillegg også bestemt av oppløysinga, altså kor mange pikslar det blir avsett på kvar centimeter papir. Ønskjer du å forandra utskriftstorleiken til biletet utan å skalere biletet, altså utan å forandra talet på pikslar, må du bruke dialogen utskriftformat. Kor stort biletet blir på skjermen er ikkje bare avhengig av mengda av pikslar, men også av skjermoppløysinga, zoomfaktoren og verdiane som er sette i innstillinga punkt for punkt.
Dersom du forstørrar biletet så mykje at det blir tomme pikslar mellom fargepunkta, vil GIMP rekne ut verdiar for dei manglande pikslane ved hjelp av interpolering, men legg ikkje inn nye detaljar. Dette fører til at dess meir du forstørrar biletet dess meir forstyrra blir det. Til ein viss grad kan du forbetra biletet med filteret gjer skarpare etter skaleringa, men det beste er, dersom det er mogleg, å bruke høgare oppløysing når du skanner, fotografere eller kva metode du bruker for å lage digitale bilete. Rasterte, indekserte, bilete eignar seg dårleg til skalering.
Dersom biletet skal brukast på Internett, må det nesten alltid forminskast, både på grunn av overføringa og fordi mange av internettbrukarane framleis bruker små skjermar, ofte med ei oppløysing på 1024 x 768 eller mindre.
Å legge til eller fjerna pikslar blir også ofte kalla «resampling».
Når du klikkar på kommandoen Breidde og Høgde. Dersom lenkeikonet er ubrote, vil desse to verdiane ha same forholdet seg imellom som i originalbiletet. Bryt du lenka ved å klikka på henne, kan du setje verdiane uavhengig av kvarandre. Dette vil i tilfelle forandra proporsjonane i vindauget.
, kjem det fram eit dialogvindauge som mellom anna viser dimensjonane for biletet. Du kan forandra dette ved å skrive verdiar i rutene forSkal du skrive ut biletet, er det som oftast mest praktisk å måle biletstorleiken i millimeter eller tommar. Dette bestemmer du i nedtrekksmenyen. Dersom du vel prosent, bestemmer du storleiken relativt i høve til originalen. Vel du fysiske måleeiningar som mm eller tommar, må du også setje verdiane for X-oppløysing og Y-oppløysing. Dette fordi desse verdiane blir brukte for å rekne om frå fysiske einingar til pikselverdiar.
Utskriftsoppløysinga blir bestemt av verdiane i felta X-oppløysing og Y-oppløysing. Du kan ogå endre måleeining med nedtrekksmenyen.
Når du endrar storleiken på biletet, blir det som oftast fjerna eller lagt til pikslar. Det endelege resultatet er avhengig av kva metode som blir brukt i utrekningane. I nedtrekksmenyen Interpolasjon kan du velje mellom tilgjengelege metodar for denne utrekninga.
Ingen: Pikslane blir anten fjerna eller forstørra på same måten som ved zooming. Metoden er rask, men med dårleg kvalitet.
Lineær: Denne metoden er relativt rask med nokså brukbart resultat.
Kubisk: Dene metoden gir det beste resultatet, men kan ta merkbart lang tid på trege maskiner.
Sinc (Lanczos 3): Ny i GIMP-2.4. Gir mindre sløring enn dei andre metodane ved forstørring og forminsking av bilete.
Notat | |
---|---|
For å skalere lag, utval og banar, kan du bruke skaleringsverktøyet. |