Kommandoen
slår modus «Punkt for punkt» av og på. Dersom han er på, dvs. merka i ruta framføre namnet, og forstørringsfaktoren er sett til 100%, vil kvar piksel i biletet bli vist som ein piksel på skjermen. Dersom «Punkt for punkt» er slått av, vil biletet bli vist i verkeleg storleik, altså så stort som det blir i utskrift.Eksemplet under viser dette. Følgjande val er gjort for biletet:
Biletstorleik: 100 × 100 pikslar
Biletoppløysing: 300 ppi («pixels per inch»)
Visinga er sett til 100 % med «punkt for punkt» aktivert:
100 × 100 pikslar
Visinga er sett til 100 %, «punkt for punkt» er ikkje aktivert:
100 pikslar ÷ 300 ppi = 1/3 inch ≅ 0.85 cm
For at dette skal vere tilfelle, må oppløysinga til skjermen vere den same som for biletet. Dette bestemmer du i menyen for brukarinnstillingar.
Du bør ha denne metoden aktivert når du arbeider med ikon og skjermgrafikk, t.d. for Internett. Når du arbeider med bilete som skal skrivast ut, er det enklare å slå av
.