7.22. Legg til lagmaske

Du bruker kommandoen Legg til lagmaske for å legg inn ei lagmaske i det aktive laget. Kommandoen opnar eit dialogvindauge der du kan bestemma ein del utgangsverdiar for maska. Dersom laget har ei maske frå før, eller at det ikkje kan ha maske fordi laget manglar alfakanal, er kommandoen ikkje aktivert.

Med lagmaska bestemmer du kva for deler av laget som skal vere gjennomsiktig, delvis gjennomsiktig eller heilt ugjennomsiktig. Du finn meir om dette i kapitlet om lagmasker.

7.22.1. Aktivering

  • Du har tilgang til denne undermenyen på biletmenyen via LagMaskeLegg til lagmaske

  • eller frå menyen som sprett opp når du høgreklikkar på det aktive laget i lagdialogvindauget.

7.22.2. Beskriving av dialogvindauget

Figur 16.95. Dialogvindauget for «Legg til lagmaske»

Dialogvindauget for «Legg til lagmaske»

Set startverdien for lagmaska til:

Menyen gir deg valet mellom fleire startverdiar for lagmaska:

Kvit (Heilt ugjennomsiktig)

Lagmaska vil gjere laget heilt ugjennomsiktig. Dette betyr at du ikkje vil sjå nokre endringar i biletet før du gjer laget meir eller mindre gjennomsiktig ved å teikna på lagmaska med ein mørk farge.

Svart (Heilt gjennomsiktig)

Lagmaska vil gjere laget heilt gjennomsiktig. Dette blir vist med sjakkbrettmønsteret. Ingen deler av laget er synlege før du gjer laget mindre gjennomsiktig ved å teikna på det med ein lys farge.

Alfakanalen for laget

Med dette valet blir innhaldet i alfakanalen brukt for å fylle lagmaska. Sjølve alfalaget blir ikkje forandra. Gjennomsikta for delvis gjennomsiktige område vil auke og såleis gjere heile laget meir gjennomsiktig.

Overfør laget sin alfakanal

Denne gjer det same som valet ovanfor, men set samstundes alfalaget til fullstendig ugjennomsiktig. Dette resulterer i at all informasjonen om gjennomsikt nå ligg i maska. Det er tilsynelatande ingen forandringar på sjølve laget. Gjennomsikta for laget blir nå styrt av maska og ikkje av alfakanalen.

Utval

Dette valet omformar det aktive utvalet til ei maske slik at dei utvalde områda blir ugjennomsiktige, medan dei områda som ikkje er utvalde blir gjennomsiktige. Dersom nokre område er delvis utvalde, kan du bruke knappen for snarmaske som hjelp for å sjå korleis effekten blir.

Gråtonekopi av laget

Denne omformar heile laget til ei lagmaske. Dette er spesielt nyttig når du har planar om å legge nytt innhald i laget seinare.

Kanal

Med dette valet blir lagmaska sett opp med ei tidlegare oppretta utvalsmaske lagra i kanaldialogen.

Inverter maska

Dette vil invertere den maska som bli laga. Gjennomsiktige område blir ugjennomsiktige, og omvendt.

Når du klikkar på Legg til-knappen, vil det bli laga ein miniatyr av lagmaska til høgre for miniatyren av laget i lagdialogen.