4.5. Gjer flytande

Kommandoen Gjer flytande omformer eit normalt utval til eit flytande utval.

Eit flytande utval (også kalla eit flytande lag) er ei form for førebels lag med dei same funksjonane som eit normalt lag bortsett frå at du kan ikkje arbeide på andre lag så lenge det finst eit flytande lag i biletet. Det flytande laget må forankrast først. Dette betyr at det flytande laget må leggast til eit normalt lag, som oftast det laget som var gjeldande då det flytande utvalet blei oppretta. Dette gjer du ved å klikke på biletet utanfor det flytande utvalet (sjå nedanfor).

[Viktig] Viktig

Du kan ikkje arbeide på andre lag så lenge biletet inneheld eit flytande utval!

Du kan bruke dei fleste lagoperasjonane på eit flytande utval, men du kan bare ha eitt flytande utval i biletet.

[Tips] Tips

Dersom du har aktivert Vis laggrenser i Vis-menyen, kan det vere vanskeleg å velje ut nøyaktig det området du ønskjer. Ein måte å omgå dette på, er å lage eit rektangulær utval rundt det ønskte området og omforme dette til eit nytt lag og deretter fjerne originallaget.

I tidlegare versjonar av GIMP blei flytande utval brukte for å gjere operasjonar på ein avgrensa del av biletet. Nå kan dette gjerast enklare ved hjelp av lag, men metoden kan likevel vere aktuell av og til.

4.5.1. Aktivering

  • Du får tilgang til dette menyvalet frå biletmenyen via UtvalGjer flytande

  • eller med snarvegen Shift + Ctrl + L

4.5.2. Å opprette eit flytande utval automatisk

Ein del biletoperasjonar oppretter eit flytande utval automatisk:

  • «Lim inn»-operasjonane Lim inn namngitt buffer, lim inn eller lim inn i lage også eit flytande utval.

  • Transformasjonsverktøya spegelvend, forskyv, skaler, roter og perspektiv oppretter flytande utval når dei arbeider på eit utval i staden for på eit lag. Når modus Transformer er sett til lag og det finst eit utval frå før, vil desse transformasjonsverktøya verke på utvalet og opprette eit flytande utval. Dersom det ikkje finst noe utval frå før, vil verktøya verke på heile laget utan å opprette noe flytande utval. Er modus Transformer sett til utval vil det heller ikkje bli oppretta eit flytande utval.

  • Dersom du klikker og drar eit utval og samstundes held tastekombinasjonen Ctrl + Alt nede (sjå Del 2.1, “Å flytte eit utval”) vil du også automatisk få eit flytande utval.

4.5.3. Å forankre eit flytande utval

Du kan forankre eit flytande utval på fleire måtar:

  • Du kan forankre det flytande utvalet til det laget som var aktivt då utvalet blei oppretta ved å klikke kvar som helst i biletet utanom det flytande utvalet. Dette vil flette utvalet samen med det gjeldande laget.

  • eller du kan bruke kommandoen Forankre laget (Ctrl + H).

  • Du kan også forankre det flytande utvalet til det gjeldande laget ved å klikke på forankringsknappen i lagdialogen.

  • Dersom du klikkar på nytt lag medan biletet inneheld eit flytande utval, vil det flytande utvalet bli lagt til i det nye laget.