5.2. Fargebalanse

Verktøyet for fargebalanse blir brukt for å modifisera fargebalansen i eit lag eller eit utval og er særleg nyttig for å korrigera fargestikk i digitalfoto.

5.2.1. Aktivering

Du kan hente fram dette verktøyet anten

  • I biletmenyen via Verktøy Fargeverktøy Fargebalanse eller Fargar Fargebalanse ,

  • ved å klikke på symbolet i verktøykassa dersom du har installert fargeverktøya der. (Installeringa er forklart i Del 1.7, “Verktøykassa”).

5.2.2. Innstillingar

Figur 14.141. Dialogvindauget for fargebalanseverktøyet

Dialogvindauget for fargebalanseverktøyet

Førehandsinnstillingar

Du kan lagre fargeinnstillingane i biletet ved å klikke på knappen Legg instillingane i favorittar () og hente dei tilbake ved å velje i Førehandsvalde

Trykk på symbolet for å opna denne menyen:

Figur 14.142. Menyen for førehandsval

Menyen for førehandsval

som lar deg Importere innstillingar frå fil eller Eksportere innstillingar til fil og gir deg tilgang til dialogvindauget for å handtere lagringane:

Figur 14.143. Dialogvindauget for å handtere lagra innstillingar

Dialogvindauget for å handtere lagra innstillingar

Vel område som skal justerast

Du bestemmer her om forandringane du gjer skal gjelde for skyggepartia (mørke pikslar), midttoneområda (middels lyse pikslar) eller i partia med høglys (lyse pikslar).

Juster fargenivåa for vald området

Ved hjelp av glidebrytarane, eller innskrivingsboksane, kan du endre fargane frå RGB-fargar til dei respektive komplimentærfargane (CMY). Null tilsvarar dei gjeldande fargane i biletet. Fargane på den venstre sida av brytarane er etter fargemodellen CMY, medan dei på høgresida er etter fargemodellen RGB.

Tilbakestill fargane

Trykk på denne knappen for å setje fargenivåa i det valde området tilbake til null (originalverdien).

Bevar fargeglød

Dersom denne er avmerka, vil lysverdien til dei lysaste pikslane i laget eller utvalet ikkje bli forandra.

Førehandsvising

Dersom denne er avmerka, vil alle endringar i RGB-nivåa også bli vist direkte på det aktive laget eller utvalet.