Fargeverktøya blir brukte for å arbeide med biletfargane på ulike måtar:
Forandre fargebalansen: Del 5.2, “Fargebalanse”
Justere kulør, metning og lysmengde : Del 5.3, “Kulør og metning”
Overfører biletet til eit gråskalabilete som sett gjennom farga glas: Del 5.4, “Innfarging”
Justere lysmengde og kontrast: Del 5.5, “Lysstyrke-Kontrast”
Omforme til eit svart/kvit-bilete ut frå pikselverdiane: Del 5.6, “Terskel”
Endre intensiteten i ein kanal: Del 5.7, “Nivå”
Endre farge, lysnivå, kontrast og gjennomsikt på ein sofistikert måte: Del 5.8, “Kurver”
Redusere talet på fargar: Del 5.9, “Posterisering”
Omforme fargane til tilsvarande gråfargar: Del 5.10, “Mindre metning”
Alle fargeverktøya utanom avmetting og posterisering har forval, altså lagra innstillingar som du kan hente når du har bruk for dei.
Tre element:
Forval: Denne nedtrekkslista viser dei eksisterande forvala. Kvar gong du endrar verktøyinnstillingane, blir eit nytt forval lagra automatisk med dato og tid.. Ver merksam på at dette krev minneplass i datamaskinen.
Krysset: Klikk på denne for å opna eit vindauge der du kan lagra gjeldande innstillingar med kva namn som helst.
Den vesle trekanten: Klikk på denne for å få opp den vesle menyen
Tre val:
Tre val:
Importer innstillingane frå ei fil
Eksporter innstillingane til ei fil
Handter innstillingane