5.4. Forstørr

Figur 16.42. Innhaldet i menyen

Innhaldet i menyen

Undermenyen Forstørr inneheld ein del kommandoar som påverkar kor stort, eller lite, biletet skal visast på skjermen («zooming»). Det kan verre nyttig å forstørre biletet når du treng å arbeide nøyaktig, anten det nå er for å forandra enkelte pikslar, eller det er å gjere eit nøyaktig utval. På den andre sida kan det vere nyttig å forminska biletet for å få oversyn over korleis det eigentleg ser ut. Sidan visinga ikkje påverkar biletdata, kan denne funksjonen ikkje angrast.

[Tips] Tips

I tillegg til denne undermenyen, kan du også finne ein liknande meny nedst i biletvindauget, dersom du ikkje har deaktivert statuslinja. Her er fleire førehandsvalde innstillingar tilgjengelege.

Ein annan zoom-meny finn du i navigeringsdialogen. Endeleg kan du også bruke verktøyet Forstørr og forminsk i verkøykassa. Med dette kan du forstørre eller forminske bestemte område av biletet.

5.4.1. Aktivering

  • Du får tilgang til denne undermenyen på biletmenyen via VisForstørr. Merk at «Forstørr» i menyen «Vis» viser den gjeldande forstørringsfaktoren, for eksempel Forstørr (100 %).

5.4.2. Innhaldet i undermenyen «Forstørr»

Dei ulike kommandoane i denne undermenyen er omtalte nedanfor, eventuelt med tastesnarvegar dersom slike finst.

Tilbakestill forstørringa

(Snarveg: ` [gravisteiknet]). Dette menyvalet tilbakestiller forstørringa til sist brukte verdi. Denne verdien blir også vist i menyvalet som t.d. Tilbakestill forstørringa (100%). Dette menyvalet er aktivt bare dersom du ein eller annan gongen har endre forstørringa.

Forminsk

(Snarveg: - [minusteiknet]) Kvar gong du bruker denne blir biletet forminska ca. 30 %. Nedre grense er 0,39 %.

Forstørr

(Snarveg: + [plussteiknet]) Kvar gong du bruker denne blir biletet forstørra ca. 30 %. Øvre grense er 25 600 %.

[Notat] Notat

Tastesnarvegen for «forstørr» har vore litt kontroversiell fordi det er ein mykje brukt kommando og på dei engelske tastatura må du halde nede Shift-tasten for å bruke han. Dette er ikkje nødvendig på europeiske tastatur. Skulle du av ein eller annan grunn ha behov for å lage ein ny snarveg, kan du gå inn på brukargrensesnitt i menyen innstillingar.

Tilpass biletet i vindauget

(Snarveg: Shift+Ctrl+J. Denne kommandoen gjer biletet så stort som mogleg, men likevel slik heile biletet har plass i vindauget. Dette kan av og til føre til at det blir ledig plass på ei eller to av sidene, men aldri på alle fire sidene.

Fyll vindauget

Denne kommandoen gjer biletet så stort som mogleg, men utan ledig plass på noen av sidene. Dette fører til at biletet passer perfekt til biletvindauget i ei retning, men at deler av biletet kan vere utanfor biletvindauget i ei anna retning.

A : B (X%)

Her kan du velje eit av dei førevalde forstørringsnivåa. Kvart av menyvala har eit sideforhold og ein prosentverdi. Legg merke til at kvart føreval har sin eigen tastesnarveg. Det forstørringsnivået som er i bruk er merka med eit punkt.

Andre

Denne kommandoen opnar ein dialog der du kan skrive inn kva forstørringsgrad du ønskjer innføre området 1 : 256 (0,39 %) og 256 : 1 (25 600 %).

[Tips] Tips

Når du arbeider på pikselformat, kan det vere fornuftig å bruke kommandoen Ny vising slik at du kan sjå kva som hender med biletet.