5.6. Full skjerm

Kommandoen Full skjerm blir brukt for skifte mellom å vise biletet på heile skjermen og i normal storleik. I fullskjermmodus vil biletvindauget ta opp heile skjermen, men biletet blir uforandra. Dersom menylinja forsvinn, kan du høgreklikke på biletet for å få fram menyen. Du kan bestemma ein del verdiar for fullskjermvisinga i dialogen for brukarinnstillingar.

Du kan slå av og på visinga av alle tilgjengelege samlevindauge ved å trykke på Tab-tasten.

[Notat] Notat

Dersom du bruker GIMP på ein Apple Macintosh maskin, kan det hende at kommandoen «Full skjerm» ikkje verkar. Dette fordi Apple ikkje har dei nødvendige funksjonane for dette. I staden kan du maksimere biletvindauget ved å trykke på knappen Green Button.

5.6.1. Aktivering

  • Du har tilgang til dette menyvalet frå biletmenyen via VisFull skjerm.

  • med snarvegen F11

  • I multivindauge-modus kan du også få det fram ved å dobbeltklikke i tittellinja i biletvindauget.