5.5. Tilpass vindauget

Kommandoen Tilpass vindauget forandrar storleiken på vindauget slik at det passar til biletet ved den aktuelle forstørringsfaktoren. Dersom biletet ikkje passar heilt til skjermen, vil vindauget bli forstørra slik at størst mogleg del av biletet blir vist. Normalt vil GIMP gjere dette automatisk dersom kommandoane «Endre vindaugestorleik ved skalering» og «Endre vindauge etter biletstorleiken» er avmerka i dialogvindauget innstillingar for biletvindauget i menyen for brukarinnstillingane.

[Notat] Notat

Denne funksjonen blir ikkje utført av GIMP men av vindaugehandteraren i operativsystemet for datamaskinen. Difor kan det hende at maskinen du bruker oppfører seg annleis enn omtalt her, kanskje til og med ikkje verker i det heile.

5.5.1. Aktivering

  • Du har tilgang til dette menyvalet frå biletmenyen via VisTilpass vindauget.

  • eller med snarvegen Ctrl + J.