5.20. Vis linjalar

Kommandoen Vis linjalar gjer linjalane tilgjengelege eller utilgjengelege i biletvindauget. Det kan vere fornuftig å gjere linjalane usynlege når du arbeider i fullskjerm.

Du kan forandre normalvisinga for linjalane i dialogvindauget innstillingar for biletvindauget i menyen ifor brukarinnstillingane.

5.20.1. Aktivering

  • Du har tilgang til dette menyvalet frå biletmenyen via VisVis linjalar

  • eller med snarvegen Shift + Ctrl + R.