Filteret lagar eit nifs glød rundt alfakanalen i det aktive laget.
Filteret, som er utvikla frå skriptet «Alien Glow» (
→ → → i biletmenyen), lagar ein logo med teksteffekten vist ovanfor.Åtvaring | |
---|---|
Storleiken på biletet blir alltid sett til den same som det aktive laget. |
Dette er eigenleg skriftstorleiken brukt i Script-Fu-skriptet «Alien Glow», men verdien her blir også brukt til å bestemme to andre verdiar. Gløden blir forstørra med «gødstorleik» / 30 og radius for den mjuke kanten blir sett til «glødstorleik» / 4. Ut frå dette kan det vere greitt å bruke høgda på objektet som glødstorleik.
Dette er fargen på den «nifse» glødinga. Forvalet er sett til grøn (63,252,0), men du kan sjølvsagt forandre fargen ved å klikke i fargeruta.
Dette er lett å reprodusera «alien glow»:
Dersom det er nødvendig, opprett eit utval frå alfakanalen av det aktive laget.
Fyll utvalet med følgjande fargeovergang med blandeverktøyet sett til: Form = Forma (sfærisk); Fargeovergang = FG til BG (RGB), med FG = mørkgrå (79,79,79), BG = svart.
Opprett eit nytt lag («Alien Glow») nedanfor. Utvid utvalet lite grann, lag mjuke kantar på det og fyll det med glødfarge.
Opprett ein ny bakgrunn fylt med svart.