16.18. Partikkelspor

16.18.1. Oversyn

Figur 17.415. Eksempel på bruk av filteret

Eksempel på bruk av filteret

Filteret «partikkelspor»

Eksempel på bruk av filteret

Logoen for «partikkelspor»


Bileta er laga ved å opprette høvelege utval i eit nytt bilete med gjennomsiktig bakgrunn. Utvala er fylte med grønt før filteret er brukt.

Dette filteret lager partikkelsporliknande effektar i alfakanalen til det aktive laget.

[Åtvaring] Åtvaring

Storleiken på biletet blir alltid sett til den same som det aktive laget.

Filteret, som er avleidd frå logoskriptet «partikkelspor» (FilHent innLogoarPartikkelspor i biletmenyen) , lagar teksteffektar som dette:

16.18.2. Aktivering

Du har tilgang til filteret frå biletmenyen via FilterAlfa til logoPartikkelspor

16.18.3. Innstillingar

Figur 17.416. Innstillingar for filteret «partikkelspor»

Innstillingar for filteret «partikkelspor»

Fasettbreidde (pikslar)

Dette er eigentleg ramma rundt tekstlaget i logo-skriptet «partikkelspor». Glidebrytaren bestemmer kor breie dei mjuke kantane i den kvite skyggen skal vere.

Treffrate

Denne glidebrytaren bestemmer mengda av lyse punkt som støyfilteret skal lage, og dermed mengda av punkt som skal lagast om til lysglimt. Området går frå 0,0 til 1,0. Nokre av verdiane ser ut til å vere betre enn andre:

Figur 17.417. Eksempel på effekten av «treffrate»

Eksempel på effekten av «treffrate»

Treffrate 0,10

Eksempel på effekten av «treffrate»

Treffrate 0,25

Eksempel på effekten av «treffrate»

Treffrate 0,40


Kantbreidde

Det blir lagt til eit område langs kanten av alfakanalen med radius «kantbreidde» (jfr. Del 4.13, “Ramme”). Dette området blir fylt med «basisfargen», men i ein litt mørkare valør.

Berre kanten

Dersom det er avkryssa for dette valet, vil filtereffekten bli brukt berre på kantane av alfakanalen og ikkje på resten av kanalen.

«Berre kanten» avkryssa

Basisfarge

Det er denne fargen som blir brukt for å fylle det området av det aktive laget alfakanalen har definert. Den forvalde fargen er mørk grøn, men som valeg kan du klikke på fargeruta for å velje farge.

Bakgrunnsfarge

Denne fargen blir brukt for å fylle det nye bakgrunnslaget. Ver klar over at det over dette laget ligg eit kvitt skyggelag med dekkevne sett til 90 %. Bakgrunnslaget er difor berre delvis synleg. Dersom «berre kanten» er aktivert, vil område tilsvarande alfakanalen bli blanka ut og bakgrunnsfargen blir synleg. Også her kan du klikke fargeruta for å velje ein annan farge.

Det originale laget er øvst, filterlaga under dette

16.18.4. Filterdetaljar

Filteret legg støy i alfakanalen og omformar punkt til lysglimt og legg deretter til ein kvit skygge med mjuke kantar.