9.4. GEGL-operasjon

9.4.1. Oversyn

GEGL («Generic Graphical Library») er eit grafbasert biletbehandlingsbibliotek utvikla for å handsama ulike bilethandsamingsoppgåver som trengst i GIMP. Dei fleste GEGL-operasjonane har sine eigne menykommandoar i GIMP. Dei fleste av dei er filter som finnst i menyane «Fargar» og «Filter».

Men det finst likevel nokre GEGL-operasjonar som ikkje har sine eigne kommandoar, anten fordi operasjonen ikkje vert sett på som viktig nok, eller fordi han framleis er eksperimentell.

Operasjonsfilteret i GEGL vart lagt til for å gje deg tilgang til alle dei operasjonane som ikkje kan brukast på andre måtar. Dette gjev deg høve til å bruka GEGL-operasjonar på biletet og gjev deg førehandsvising på lerretet. Nye GEGL-operasjonar laga av tredjepart vert også viste i dette dialogvindauget.

9.4.2. Aktivering av filteret

Du finn dette fileter i hovudmenyen underFilterGenereltGEGL-operasjon….

9.4.3. Innstillingar

Figur 17.181. Innstillingane for «GEGL-opersjonar»

Innstillingane for «GEGL-opersjonar»

GEGL-operasjon utan vald operasjon.


Operasjon

Klikk på denne knappen for å velja kva operasjon du vil bruka på det gjeldande utvalet eller, viss det ikkje er noko utval, på det gjeldande laget.

Nokre av desse operasjonane er svært grunnleggjande, som «farge», medan operasjonar som «fraktalutforskaren» lagar svært komplekse mønster – på same måten som eit teiknefilter.

Innstillingane for operasjonen

Innstillingane for operasjonen er avhengig av kva som er vald i Operasjon:

Figur 17.182. Eksempel på «Innstillingar for operasjon»

Eksempel på «Innstillingar for operasjon»

GEGL-operasjon «Gaussisk sløring» vald.


Viss innstillingane for ein vald GEGL-operasjon ikkje er sjølvforklarande (giss kva føremålet med «farge» er) kan du sjå på innstillingane for det tilsvarande ikkje-GEGL-verktøyet. For eksempel så kan filteret Fraktalutforskaren ha dei same eller liknande innstillingane som «fraktalutforskar»- operasjonen.

Eller du kan bruka den skjønne førehandsvisinga i sanntid og såleis eksperimentera med ulike innstillingar.

Førehandsvising

Viss dette valet er merkt, som det normalt er, vil du få ei førehandsvising på lerretet av den valde operasjonen når operasjonen er ferdig. Du må trykkja knappen OK for å ta operasjonen i bruk på biletet.

Knappane

Tilbakestill

Trykkjer du på denne knappen, vert operasjonsinnstillingane sett tilbake til standard.

Avbryt

Trykkjer du på denne knappen, vert GEGL-operasjonen avbroten og gjer at biletet vert urørt. Dette er det same som å lukka dialogvindauget med den vanleg Lukk-knappen sett der av vindaugehandsamaren.

OK

Du må trykkja denne knappen for å setja den valde operasjonen inn i biletet. Dialogvindauget vert då lukka.