9.3. Avstandskart

9.3.1. Oversyn

Kvar piksel i biletet vert byt ut med ein gråverdi avhengig av avstanden til næraste hinderpiksel, til vanleg ein grensepiksel. Det kan brukast ulike metodar for å rekna ut avstanden.

9.3.2. Aktivering av filteret

Du finn dette fileter i hovudmenyen underFilterGenereltAvstandskart….

9.3.3. Innstillingar

Figur 17.178. Innstillingane for «Avstandskart»

Innstillingane for «Avstandskart»

Forval, «inngangstype», klipping, blandingsinnstillingar, førehandsvising, delt vising
[Notat] Notat

Desse innstillingane er omtalte i Del 2, «Felles eigenskapar».

Metrisk

«Metrisk» er eit topologisk omgrep. Tre metodar er tilgjengelege:

  • Euklidsk standard: avstanden som ei rett linje.

  • Manhattan: avstanden er summen av sei eindimensjonale avstandane lags X-aksen og Y-aksen.

  • Chebyshev: avstanden er maksimum av den eindimensjonale avstanden langs X- og Y-aksen.

Kanthandling

Dette definerer korleis område utføre inndataa skal sjåast på når avstanden vert rekna ut. Vala er Under terskelen og Over terskelen.

Låg terskel

Standard er 0. Aukar du denne verdien vert pikslar med høgare lysstyrke valde.

Originalbiletet for eksempla. Den nedre terskelen vert auka progressivt. Lysstyrke: mørkeraudt = 0.,070; klar raudt = 0,223; grøn = 0,133

Figur 17.179. Eksempel på bruk av «Låg terskel»

Eksempel på bruk av «Låg terskel»

Låg terskel = 0: berre kantavstanden er synleg.

Eksempel på bruk av «Låg terskel»

Låg terskel = 0,070: «mørkeraud» sirkel dukkar opp.

Eksempel på bruk av «Låg terskel»

Låg terskel = 0,133: «grøn» sirkel dukkar opp.

Eksempel på bruk av «Låg terskel»

Låg terskel = 0,223: «klar raud» sirkel dukkar opp.


Høg terskel

Standard er 1. Minskar du denne verdien, vert biletet mørkare.

Gråtonegjennomsnitt

Kor mange utrekningar for å setja gråtonegjennomsnitt.

Normaliser

Dette valet er normalt merkt. Viss du fjernar merkinga, vert det ikkje laga noko sløring.

Figur 17.180. Eksempel på «Normaliser»

Eksempel på «Normaliser»

Normaliseringsvala merkte.

Eksempel på «Normaliser»

Normaliseringsvala ikkje merkte.