5.15. Bølgjer

5.15.1. Oversyn

Figur 17.92. Eksempel på bruk av filteret «Bølgjer»

Eksempel på bruk av filteret «Bølgjer»

Originalbiletet

Eksempel på bruk av filteret «Bølgjer»

Filteret «Bølgjer» brukt med standardinnstillingane og periode = 20,0


Dette filteret gjev same effekten som dei konsentriske ringane du får når du kastar ein stein i stille vatn.

5.15.2. Aktivering av filteret

Du har tilgang til dette filteret frå biletmenyen via FilterForvrengingarBølgjer….

5.15.3. Innstillingar

Figur 17.93. Innstillingane for filteret «bølgjer»

Innstillingane for filteret «bølgjer»

Forval, «inngangstype», klipping, blandingsinnstillingar, førehandsvising, delt vising
[Notat] Notat

Desse innstillingane er omtalte i Del 2, «Felles eigenskapar».

Senter X, Senter Y

Flytt senteret for bølgjene

Amplitude

Varierer bølgjehøgda.

Periode

Det er bølgjelengd. Varierer avstanden mellom bølgjetoppane.

Den høge standardverdien passar til store bilete. For bilete på nokre hundre pikslar i breidde, vil ein lågare verdi, som 20 i eksempelet, passa betre.

Faseskift ("Phase shift")

Denne kommandoen forskyv toppen av krusinga.

Sideforhold ("Aspect ratio")

Verdiar mindre enn 1,00 teiknar bølgjene ovale med loddrett hovudakse. Verdiar høgare enn 1,00 gjev ein vassrett hovudakse.

Metode for å ta prøver på nytt ("Resampling Method")

Interpoleringsmetodane er forklarte i Interpolering.

Klemmedeformasjon ("Clamp deformation")

Dette avgrensar deformeringa i biletområdet. Når denne er slått av, ser det ut til at du får gjennomsiktige eller svarte område, avhengig av om laget har ein alfakanal eller ikkje. Når han er slått på vil desse områda behalda den normale fargen.