5.16. Vri og vreng

5.16.1. Oversyn

Figur 17.94. Eksempel på bruk av filteret «Vri og vreng»

Eksempel på bruk av filteret «Vri og vreng»

Originalbiletet

Eksempel på bruk av filteret «Vri og vreng»

Filteret brukt


Filteret «Vri og vreng» forvrenger biletet eller utvalet på ein konsentrisk måte.

«Vri» (ved bruk av ein vrivinkel ulik null) lagar om biletet til noko liknande straumkvervelen som kan oppstå når du tømmer badekaret.

«Vreng», utan rotasjon, kan samanliknast med å festa biletet på ei mjuk gummioverflate og klemme kantane eller hjørna. Viss glidebrytaren «Vrengingsmengde» er sett til ein negativ verdi, vil det sjå ut som om nokon prøver å skyva en rund ting opp mot deg gjennom gummioverflata. Viss «Vrengingsmengde» er sett til ein positiv verdi, ser det ut som nokon dreg overflata bort frå deg.

[Tips] Tips

Effekten av «Vreng» kan av og til kompensere for forvrengingar i bilete tatt med tele- eller fiskeaugeobjektiv («fatforvrenging»).

Figur 17.95. Illustrasjon

Illustrasjon

Original

Illustrasjon

Vridd

Illustrasjon

Vrengt


5.16.2. Aktivering av filteret

Du har tilgang til dette filteret frå hovudmenyen via FilterForvrengingarDrei og knip….

5.16.3. Innstillingar for parameterar

Figur 17.96. Innstillingane for filteret «Vri og vreng»

Innstillingane for filteret «Vri og vreng»

Forval, «inngangstype», klipping, blandingsinnstillingar, førehandsvising, delt vising
[Notat] Notat

Desse innstillingane er omtalte i Del 2, «Felles eigenskapar».

Virvel ("Whirl")

Kontrollerer kor mange grader den påverka delen av biletet skal roterast med eller mot klokka (-360,0° til 360,0°).

Knip ("Pinch")

Bestemmer kor mykje den påverka delen av biletet skal knipast. Verdi -1 til +1.

Radius

Virvelbreidda (0,0 - 2,0). Bestemmer kor mykje av biletet som skal påverkast av deformeringa. Ein radius på 2,0 vil påverka heile biletet. Set du radius til 1, vert halve biletet påverka. Viss radius vert sett til 0 , vert ingenting påverka. Du kan tenkja på radius som ein sirkel med 0 i midten og 1 halvvegs ut.