10.5. Undermenyen «Python-Fu»

Normalt inneheld denne undermenyen berre Python-Fu-konsollen slik som på biletet.

Python-Fu er ei samling av Pythonmodular som vert brukte i samband med libgimp for å skriva programtillegg («plug-ins») for GIMP.

10.5.1. Aktivering av undermenyen

Du har tilgang til denne menyposten på hovudmenyen via FilterUtviklingPython-Fu.

10.5.2. Python-Fu-konsollen

Python-Fu-konsollen er eit dialogvindauge som køyrer eit «Python shell», dvs. eit Python tolkeprogram. Konsollen bruker rutiner frå det interne GIMP-biblioteket libgimp.

Du kan bruke Python-Fu-konsollen for å teste ut Python-kommandoane interaktivt.

Konsollen inneheld eit stort hovudvindauge for inn- og uttdata der du kan skrive Python-kommandoar. Når du skriv inn ein Python-kommando i innskrivingsboksen og trykker på Enter-tasten vert kommandoen handsama av Python og både kommandoen du skreiv inn og returverdien for denne vert skriven ut i hovudvindauget, eventuelt ei feilmelding dersom det er feil i kommandoen.

Figur 16.247. Python-Fu-konsollen

Python-Fu-konsollen

Knappane i Python-Fu-konsollen

Lagra

Eit trykk på denne knappen vil lagra innhaldet i hovudvindauget, altså inn- og utdata frå Python-Fu-konsollen, inklusive «>>>»-teikna).

Tøm

Trykk på denne knappen for å fjerna innhaldet i hovudvindauget. Innhaldet forsvinn for alltid og du kan ikkje få det tilbake med kommandoen Lagra.

Bla gjennom («Browse»)

Klikk på denne knappen for å opna prosedyrelesaren med ein ekstra knapp Bruk nedst i vindauget.

Når du trykker på knappen Bruk i prosedyrelesaren vert det limt eit oppkall til den valde prosedyren inn i konsollvindauget som ein Python-kommando:

Innskrive PDB-prosedyre

Du må nå berre bytte ut parameternamna (her: «width», «height» og «type») med høvelege verdiar, for eksempel.

image = pdb.gimp_image_new(400, 300, RGB)

Trykk deretter Enter for å køyre kommandoen.

Du bruka konstantane du finn i omtalen av prosedyreparametra, f. eks. «RGB-IMAGE» eller «OVERLAY-MODE». Hugs at du må erstatta bindestrekar («-») med understrekar («_»): RGB_IMAGE, OVERLAY_MODE.

[Tips] Tips

Python-Fu er ikkje avgrensa til å kalle opp prosedyrar frå PDB, (GIMP sitt prosedyrearkiv). For å lage eit nytt biletobjekt som det i eksemplet ovanfor, kan du også skrive

              image = gimp.Image(width, height, type)
            

(med aktuelle verdiar for «width», «height» og «type»).

Lukk

Trykk på denne knappen for å lukke konsollen.