10.7. Undermenyen «Script-Fu»

Denne undermenyen inneheld ein del Script-Fu-kommandoar, spesielt Script-Fu-konsollen. Script-Fu er eit programmeringsspråk som vert brukt til å laga skript for å automatisera seriar av kommandoar i GIMP.

10.7.1. Slik slår du på undermenyen

Du har tilgang til denne undermenyen på hovudmenyen via FilterUtviklingScript-Fu.

10.7.2. Script-Fu-konsoll

Script-Fu-konsollen er eit dialogvindauge der du kan prøva ut Scheme-kommandoar interaktivt.

Konsollen inneheld eit stort hovudvindauge med rullefelt for utdata og ein innskrivingsboks nedst for å skriva inn Scheme-kommandoar. Når du skriv eit Scheme-uttrykk i innskrivingsboksen og trykkjer på Enter-tasten vert kommandoen du skreiv inn og returverdien for denne skriven ut i hovudvindauget.

Figur 16.231. Script-Fu-konsollen

Script-Fu-konsollen

Du kan finne meir om Scheme og eksempel på bruken av Script-Fu konsollen i Del 3, «Ei innføring i Script-Fu».

Knappane i Script-Fu-konsollen

Bla gjennom

Til høgre for kommandofeltet finn du knappen Bla gjennom. Klikk på denne knappen for å opna dialogvindauget for prosedyrelesaren med knappen Bruk.

Vel ein PDB-prosedyre frå lista og trykk på knappen Bruk. Den valde prosedyren og parameternamna for han vert kopiert over til teksboksen for skriptkonsollen.

Du må no berre byta ut parameternamna etter prosedyrenamnet med høvelege verdiar og deretter slå på prosedyren ved å trykkja på Enter.

Lukk

Trykk på denne knappen for å lukka Script-Fu-konsollen.

Tøm

Trykk på denne knappen for å fjerna innhaldet i hovudvindauget. Innhaldet forsvinn for alltid og du kan ikkje få det tilbake med kommandoen Lagra.

Lagra

Eit trykk på denne knappen vil lagra innhaldet i hovudvindauget, altså utdata frå Script-Fu-konsollen (også «>»-teikna).

10.7.3. Start tenaren

Denne kommandoen startar ein tenar (server) som les og utfører Script-Fu-uttrykka (Scheme-uttrykka) du har send til han via ein spesifisert port.

Figur 16.232. Innstillingane for Script-Fu-tenaren

Innstillingane for Script-Fu-tenaren

Lytt på IP

IP-adressa som Script-Fu-tenaren vil lytta på. Dette er til vanleg 127.0.0.1 (også kjent som «localhost»). Endra denne berre viss du veit kva du gjer.

Tenarport

Dette er portnummeret Scrip-Fu-tenaren hente data frå. Du kan sjølvsagt starta fleire tenarar med ulike portnummer.

Loggfil for tenaren

Her kan du eventuelt skriva inn namnet på den fila tenaren skal bruka for å registrera informasjonar og feilmeldingar. Dersom du ikkje skriv inn noko her, veret meldingane skrivne til standardutgangen.

Protokollen for Script-Fu-tenaren

Protokollen for å kommunisera med Script-Fu-tenaren er svært enkel:

  • Alle meldingar (Script-Fu-uttrykk) med lengd L som vert sende til tenaren må ha desse 3 bytane framføre seg:

    Tabell 16.1. Headerformat for kommandoane

    Byte-Nr Innhald Beskriving
    0 0x47 Gjenkjennings-(«magisk»)-byte ('G')
    1 L div 256 Høgverdibyten for L
    2 L mod 256 Lågverdibyten for L

  • All respons frå tenaren (returverdiar eller feilmeldingar) med lengd L vil ha desse 4 bytane framføre meldinga:

    Tabell 16.2. Headerformat for responsen

    Byte-Nr Innhald Beskriving
    0 0x47 Gjenkjennings-(«magisk»)-byte ('G')
    1 feilkode 1 ved feil, elles 0
    2 L div 256 Høgverdibyten for L
    3 L mod 256 Lågverdibyten for L

[Tips] Tips

Dersom du ikkje vil skitna til hendene dine, kan du bruka Pythonskriptet servertest.py, som ligg saman med kjeldekodene for GIMP, som ein enkel kommandotolkar for Script-Fu-tenaren.