12.9. Feilrapport og ønskje

Viss du oppdagar ein feil når du brukar GIMP, eller du har forslag til forbetringar, kan du bruka denne kommandoen for å opna nettsida for problemsporing.

Nettsida for problemsporing er den beste staden å melda i frå om feil og spørsmål om funksjonar. Kontroller først om problemet ditt alt er registrert. Viss du opnar ei ny utgåve, må du syta for å få med all relevant informasjon, som nøyaktig GIMP-versjon, kva operativsystem du arbeider med, kanskje eit skjermbilete om nødvendig. Alt går føre seg på engelsk, men ikkje ver så redd for det. Dei fleste som les rapporten din har engelsk som andrespråk.