12.6. Søk etter og køyr ein kommando

Søk etter og køyr ein kommando viser eit dialogvindauge der du kan søkja etter alle kommandoane som er brukte i GIMP, også dei som ikkje er ein del av ein meny. Dette er ein rask og grei måte å opna ein kommando på viss du ikkje er sikker på kvar han finst.

12.6.1. Aktivering

  • Du har tilgang til denne kommandoen frå hovudmenyen via HjelpSøk og køyr ein kommando.

12.6.2. Beskriving av dialogvindauget

Figur 16.254. Vindauget for «Søk etter og køyr ein kommando»

Vindauget for «Søk etter og køyr ein kommando»

Har du ikkje skrive inn ein søkjetekst, er dette vindauget tomt. Så snart du byrjar å skriva, vil GIMP fylla ut med dei kommandoane som byrjar med dei same bokstavane som du har skrive inn.

Når du ser komandoen du er ute etter, kan du dobbeltklikka på han for å opna han.