2.13. Uventa fargar når du brukar ein pensel eller viskelêret

Symptom: Du prøver å bruka penselen eller viskelêret, med resultatet vert ikkje slik du venta.

Løysing: Kontroller om laget du arbeider på har ei lagmaske. Viss ja, kan det henda du teiknar på denne i staden for på sjølve laget. Klikk på laget for å gjera det til det aktive teikneområdet.

Ein annan årsak kan vera at ein kanal er aktiv i staden for laget. Klikk i tilfelle på eit lag i lagdialogvindauget for å gjera det aktivt.