12.3. Legg til ramme

12.3.1. Oversyn

Figur 17.246. Eksempel på bruk av filteret «Legg til ramme»

Eksempel på bruk av filteret «Legg til ramme»

Originalbiletet

Eksempel på bruk av filteret «Legg til ramme»

Med ramme


Dette filteret gjer som namnet seier: det legg ei ramme rundt biletet. Du kan bestemma både breidda på ramma og kva farge ho skal ha. Dei fire sidene vert gjeve ulike skuggefargar slik at biletområdet vert utheva.

Biletet vert så stort at ramma passar inn, utan å teikne over det eksisterande biletet.

12.3.2. Aktivering av filteret

Du har tilgang til dette filteret frå hovudmenyen via FilterDekorLegg til ramme.

12.3.3. Innstillingar

Figur 17.247. Innstillingane for filteret «legg til ramme»

Innstillingane for filteret «legg til ramme»

X-storleik på kanten, Y-storleik på kanten

Her bestemmer du kor brei ramma skal vere (i pikslar). X-storleik (høgre og venstre) og Y-storleik (oppe og nede) kan vera ulike. Den største breidda er 250 pikslar.

Rammefarge

Klikk på denne knappen for å få opp dialogvindauget for å velja ein «gjennomsnittleg» farge for ramma (sjå nedanfor, Deltaverdi på farge).

Deltaverdi på farge

Dette valet fargar ramma i ulike skuggevalørar slik at biletet ser utheva ut. For kvar av sidene vert det rekna ut ein verdi for kvar av hovudfargane raud, grøn og blå [10] med utgangspunkt i den «gjennomsnittlege» kantfargen. I utrekningane vert resultatverdiar lågare enn 0 sett til 0 og resultatverdiar høgare enn 255 sett til 255:

  • Øvre skugge = rammefarge + delta

  • Høgre skugge = rammefarge - ½ Delta

  • Nedre skugge = rammefarge - Delta

  • Venstre skugge = rammefarge + ½ Delta

Figur 17.248. Eksempel med delta

Eksempel med delta

Filteret «legg til ramme» brukt med Deltaverdien 25, deretter med 75, 125, 175 og 225.


Eksempel: standardfargen er blå (38,31,207), standard delta er 25. Rammefargane vert då: topp: (38,31,207) + (25,25,25) = (63,56,232), høgre: (38,31,207) + (-13,-13,-13) = (25,18,194) osv.



[10] Sjå bilettypar eller RGB .