Kapittel 5. Få bilete inn i GIMP

Innhald

1. Bilettypar
2. Å lage nye filer
3. Opna bilete

Dette kapitlet handlar om dei ulike måtane du kan bruke for å legge bilete inn i GIMP. Korleis du kan lage nye bilete, korleis du kan laste inn bilete frå biletfiler og korleis skanne og lage skjermdump.

I første omgang vil vi likevel sjå litt på den generelle biletoppbygginga i GIMP.

1. Bilettypar

Det er freistande å førestilla seg at eit bilete er det du ser i eit enkelt skjermvindauge, eventuelt kopla for eksempel til ei JPEG-fil. I røynda vil eit GIMP-bilete oftast vere mykje meir komplisert og kan innehalda både ein lagstabel, ei utvalsmaske, eit kanalsett, eit banesett, ein angrelogg osv. I dette kapitlet skal vi sjå nærare på alle komponentane som eit bilete kan vera bygd opp av i GIMP og kva du kan gjere med dei.

Den mest grunnleggjande eigenskapen i eit bilete er modus. Det er tre moglege modus: RGB, gråtoner og indeksert. RGB står for Raud-Grøn-Blå (OK, eigentleg engelsk: Red-Green-Blue, men for ei gongs skuld passar forkortinga også med norsk). I RGB-modus er kvart biletpunkt sett saman av eit «raudnivå», eit «grønnivå» og eit «blånivå» som til saman gjev eit bilete i full farge. Kvar av fargekanalane har 256 ulike intensitetsgrader. Du kan finna meir om dette under Fargemodus i ordlista.

I eit gråskalabilete er kvart biletpunkt representert med eit tal som viser lysverdien dette punktet har. Lysverdien går frå 0 (svart) til 255 (kvit). Verdiane mellom desse ytterpunkta gir ulike gråtoner.

Figur 5.1. Komponentar i RGB- og CMY-fargemodus

Komponentar i RGB- og CMY-fargemodus

I RGB-modus gir dei tre grunnfargane raud, grøn og blå til saman kvit farge. Det er slik kvit vert laga på biletskjermen.

Komponentar i RGB- og CMY-fargemodus

I CMY(K)-modus gir grunnfargane cyan, magenta og gul til saman svart. Det er slik fargetrykka vert laga på kvitt papir. Som oftast vert trykka justerte med rein svart i tillegg til dei tre fargane.


Den viktigaste skilnaden mellom eit gråskalabilete og eit RGB-bilete er talet på «fargekanalar». Gråskalabiletet har éin slik kanal, medan RGB-biletet har tre. Eit RGB-bilete kan sjåast på som eit bilete sett saman av tre gråskalabilete der den eine gråskalakanalen er farga raud, den andre grøn og den tredje blå.

Både fargebilete og gråskalabilete har som oftast ein kanal til, den såkalla alfakanalen. Denne kanalen styrer kor gjennomsiktige fargepunkta skal vere. Når alfakanalen er sett til null, er laget heilt transparent, dvs. fullstendig gjennomsiktig. Fargen du ser vert bestemt av fargen på laget under. Er alfa sett til maksimum (255), betyr det at laget er lystett, dvs. opakt, altså fullstendig ugjennomsiktig. Fargen vert bestemt av det aktuelle laget. Alfaverdiar mellom desse ytterpunkta gir ulike grader av gjennomsikt. Den synlege fargen vert ei blanding av fargen på aktuelt lag og fargen på laget eller laga under. Kanskje litt vanskeleg å førestilla seg gjennomsiktige fargar på denne måten, men det er det same du opererer med når du laserer eller driv med ulike former for beis.

Figur 5.2. Eksempel på bilete i RGB-modus og som gråskala

Eksempel på bilete i RGB-modus og som gråskala

Eit fargebilete i RGB med tilhøyrande kanalar for raud, grøn og blå.

Eksempel på bilete i RGB-modus og som gråskala

Eit gråskalabilete med tilhøyrande kanal for lysverdiar.


I GIMP har alle fargekanalane, inkludert alfakanalen, eit område av moglege verdiar avhengig av biletpresisjonen: 0 til 255 for ei fargedjupn på 8 bits. GIMP kan lasta inn 16 og 32 bits bilete, noko som gjer dette området mykje større.

Figur 5.3. Eksempel på eit bilete med alfakanal

Eksempel på eit bilete med alfakanal

Raudkanal

Eksempel på eit bilete med alfakanal

Grønkanal

Eksempel på eit bilete med alfakanal

Blåkanal

Eksempel på eit bilete med alfakanal

Alfakanalen viser gjennomsiktige biletområde.

Eksempel på eit bilete med alfakanal

Eit fargebilete i RGB-modus med alfakanal.


Den tredje typen, indekserte bilete er litt meir komplisert å forstå. I eit indeksert bilete vert berre ei avgrensa mengd fargar brukte, som oftast 256 eller færre, difor kan indekserte bilete berre brukast på bilete med 8 bits presisjon. Desse fargane dannar «fargekartet» (paletten) for biletet. Kvart punkt i biletet er kopla til ein bestemt farge på fargekartet. Fordelen med indekserte bilete er at dei tek relativt lite plass i datamaskinen. I gamle dagar, dvs. for inntil tusenårsskiftet, var denne måten mykje nytta nettopp for å spare minne- og lagerplass. I dag er metoden mindre brukt, men er i dei rette samanhengane såpass nyttig at den framleis er, og vert, med i GIMP. Det finst også nokre få funksjonar i bilethandteringa som er lettare å bruka i indeksert modus enn i RGB).

Nokre mykje brukte filtypar (inkludert GIF og PNG) vert opna som indekserte bilete i GIMP. Sidan mange av verktøya i GIMP ikkje kan brukast, eller har avgrensa bruk, på indekserte bilete, vil det i mange tilfelle vera ein god ide å endra biletet til RGB-modus før du byrjar å arbeida med det. Er det nødvendig, kan du heller omforma det til indeksert modus igjen før du lagrar det.

I GIMP er det lett å omforma eit bilete frå ein fargemodus til ein annan med kommandoen Modus i biletmenyen. Hugs at du kan risikera å miste informasjon for alltid ved slike omformingar. Dette gjeld t.d. om du konverterer frå RGB til gråskala eller indeksert. Det hjelper i dette tilfellet ikkje så mykje å endre tilbake til RGB igjen. Fargeinformasjonen er og vert borte.

[Notat] Notat

Er filteret du ønskjer å bruka markert som utilgjengeleg på menyen, kjem dette oftast av at biletet, eller meir nøyaktig: laget du arbeider på, er av feil type. Mange filter verker ikkje på indekserte bilete. Andre kan berre nyttast på RGB-bilete eller berre på gråskalabilete. Nokre krev også at alfakanalen er i bruk, eller at han ikkje er i bruk. Skulle du oppleve noko av dette, skift til ein annan modus. Som oftast vil dette seie RGB-modus.