12.2. Legg til fasettkant

12.2.1. Oversyn

Figur 17.244. Eksempel på bruk av filteret «Legg til fasettkant»

Eksempel på bruk av filteret «Legg til fasettkant»

Originalbiletet. Det farga rektangelet er utvald

Eksempel på bruk av filteret «Legg til fasettkant»

Eksempel på bruk av filteret «Legg til fasettkant»


Dette filteret lagar ein fasettkant rundt eit utvald område i biletet ved hjelp av avbilding (sjå nedanfor). Dersom biletet ikkje inneheld eit utvald område, har filteret ingen verknad.

Figur 17.245. Eit anna eksempel på «Legg til fasettkant» med eit ruglekart

Eit anna eksempel på «Legg til fasettkant» med eit ruglekart

Originalbiletet

Eit anna eksempel på «Legg til fasettkant» med eit ruglekart

Ruglekart

Eit anna eksempel på «Legg til fasettkant» med eit ruglekart

Eksempel på bruk av filteret


12.2.2. Slik slår du på filteret

Du har tilgang til dette filteret frå hovudmenyen via FilterDekorLegg fasettkant….

12.2.3. Innstillingar

Figur 17.246. Innstillingane for filteret «Legg til fasettkant»

Innstillingane for filteret «Legg til fasettkant»

Breidde

Du bestemmer her breidda på kanten. Største breidda er 30 pikslar.

Arbeid på kopi

Dersom du har merkt av for dette valet, vil filteret oppretta eit nytt vindauge med filteret brukt på ein kopi av biletet. Det opphavlege biletet vert ikkje endra.

Behald humplaget

Når det er merkt av for dette valet, vert det genererte humplaget lagt inn som eit nytt, ikkje synleg lag:

Lagdialogvindauget med «Behald humplaget» slått på