6.30. Ny hjelpelinje

Kommandoen Ny hjelpelinje… legg ei ny hjelpelinje til i biletet.

[Tips] Tips

Du kan leggja til hjelpelinjer mykje raskare, om enn ikkje fullt så nøyaktig, ved å dra dei ut frå biletlinjalane og plassere dei der det passar.

6.30.1. Slå på kommandoen

Du har tilgang til denne kommandoen på hovudmenyen via BileteHjelpelinjerNy hjelpelinje

6.30.2. Innstillingane for «Ny hjelpelinje»

Når du klikkar på Ny hjelpelinje, kjem det opp eit dialogvindauge der du kan bestemma Retning og Posisjon i pikslar for den nye hjelpelinja meir nøyaktig enn du kan ved å dra linja ut i biletet med musepeikaren.

Figur 16.79. Beskriving av dialogvindauget «Ny hjelpelinje»

Beskriving av dialogvindauget «Ny hjelpelinje»

Retning

Du kan velja Retning for hjelpelinja, anten Vassrett eller Loddrett ved hjelp av nedtrekkslista.

Posisjon

Koordinata for Posisjonen har utgangspunktet (0, 0) i øvre, venstre hjørne av lerretet.