14.27. Line Nova

14.27.1. Oversyn

Figur 17.384. Eksempel på bruk av filteret «Line Nova»

Eksempel på bruk av filteret «Line Nova»

Originalbiletet

Eksempel på bruk av filteret «Line Nova»

Etter bruk av filteret «Line Nova»


Filteret «Line Nova» fyller eit lag med strålar utover frå sentrum. Fargen på strålane vert henta frå forgrunnsfargen sett i verktøyboksen. Linjene startar nær sentrum i biletet og vert breiare utover mot kantane.

[Tips] Tips

Filteret har ingen innstillingar for å setja senterpunktet for linjene. Ønskjer du å la strålane koma frå ein annan plass enn biletsenteret, kan du bruka filteret på eit anna, gjennomsiktig bilete og kopiera dette til biletet ditt. Dersom du lagar biletet større enn originalbiletet, kan du flytta dette utan å risikera at strålene ikkje når ut til biletkantane.

14.27.2. Aktivering av filteret

Du finn dette filteret i hovudmenyen under FilterTeikningarLine Nova….

14.27.3. Innstillingar

Figur 17.385. Innstillingane for filteret «Line Nova»

Innstillingane for filteret «Line Nova»

Talet på strålar

Du kan her bestemme kor mange strålar, mellom 40 og 1000, biletet skal ha. Normalverdien er 200.

Mellomrom (grader)

Glidebrytaren sttyrer kor mykje strålane skal utvide seg mot biletkantane. Verdien 0,0 vil føre til at ingenting vert teikna, medan verdien 10 gjer at ein stor del av områda nær kantane vert dekka av strålane. Skalaen går frå 0,0 til 10,0. (Eigentleg styrer glidebrytaren mellomrommet mellom strålane, difor namnet).

Figur 17.386. Innstillingane for filteret «Line Nova» (utviding)

Innstillingane for filteret «Line Nova» (utviding)

Frå venstre mot høgre: skarpleik = 1, skarpleik = 5, skarpleik = 10


Forskyvingsradius

Her bestemmer du kor langt ut, i pikslar, frå sentrum strålane skal byrja. Er verdien sett til 0,0, vil strålane byrje i sentrum. Verdiar større enn 0 vil gjera at strålane byrjar frå ei sirkellinje med den valde radiusen. Største radius er 2 000 pikslar. Normalverdien er sett til 100 pikslar.

Figur 17.387. Innstillingane for filteret «Line Nova» (forskyvingsradius)

Innstillingane for filteret «Line Nova» (forskyvingsradius)

Frå venstre mot høgre: radius = 0, forskyvingsradius = 50


Slump

Viss glidebrytaren er sett til ein verdi høgare enn 1, vil startpunktet for kvar stråle variera meir eller mindre tilfeldig frå det gjennomsnittlege startpunktet sett som forskyvingsradius ovanfor. Er verdien sett til 1, vil alle strålane byrja på sirkelen bestemt av forskyvingsradiusen. Høgste verdien er 2000. Normalverdien er 30.

Figur 17.388. Innstillingane for filteret «Line Nova» (slump)

Innstillingane for filteret «Line Nova» (slump)

Frå venstre mot høgre: slump = 1, slump = 50