Fotografi tekne i sterkt direkte sollys er som oftast av scener med høgt dynamisk område, og kamerafila krev normalt nøye tonetilordning for å produsera eit tilfredsstillande sluttbilete. GIMP sin flytande punkt-eksponeringsoperasjon med høg bitdjupn er eit veldig nyttig verktøy for å handsama denne typen bilete og er sjølvsagt like nyttig for alle bilete der målet er å heva skuggane og mellomtonene uten å blåsa ut høglysa.
Gimp sin eksponeringsoperasjon i høgbits flytande punkt kombinert med ei passande lagmaske kan også brukast til å gjera delar av biletet mørkare, anten ved å flytta den øvre, venstre verdiglidebrytaren mot høgre (gjer biletet mørkare ved å auka kontrasten og aukar også metninga. Ver forsiktig sidan det er lett å laga heilt svarte område), eller ved å flytta nedre, høgre verdiglidebrytar mot venstre (gjer biletet mørkare ved å redusera kontrasten. Kan vera nyttig for å tone ned delar av biletet).
Dette er ei GIMP-spesifikk innføring. Den same teknikken kan også brukast med PhotoFlow-raw-prosessoren og kanskje andre biletredigeringsprogram som tillét 32-bits desimalpunkthandsaming ved bruk av uavgrensa RGB-kanalverdiar. Det fine med å bruka denne teknikken i PhotoFlow er at PhotoFlow brukar noder, som gjer det mogleg å bruka fullstendig ikkje-destruktiv redigering av den inverterte gråskalamaska som vert brukt til å gjenoppretta høglysdetaljane etter å ha brukt positiv eksponeringskompensasjon for å auka tonaliteten til skuggane og mellomtonene (sjølv om du lukkar og opnar bildet på nytt, viss du lagrar PFI-fila for biletet).
Den opphavlege innføringa denne vart henta frå er gjengjeve med løyve av Elle Stone
GIMP-innføring ‒ Tonetilordning ved bruk av GIMP-nivå (tekst og bilete) av Elle Stone er lisensiert under ein Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 Unported-lisens.