6.15. Indre glød

6.15.1. Oversyn

Figur 17.148. Eksempel på bruk av filteret «Indre glød»

Eksempel på bruk av filteret «Indre glød»

Det opphavlege biletet

Eksempel på bruk av filteret «Indre glød»

Indre glød brukt med ein kvit farge på eit duplikatlag


Dette filteret byter ut innhaldet i laget med ein indre glød rundt kantane av objektet. Filteret treng eit lag med alfakanal for å fungera. Det gjev best resultat viss du først dupliserer laget og deretter brukar den indre gløden på toppen.

6.15.2. Slik slår du på filteret

Du har tilgang til dette filteret frå hovudmenyen via FilterLys og skuggeIndre glød ….

6.15.3. Innstillingar

Figur 17.149. Innstillingane for filteret «Indre glød»

Innstillingane for filteret «Indre glød»

Forval, «Inngangstype», Klipping, Blandeinnstillingar, Førehandsvising, Flett samman filter, Delt vising
[Notat] Notat

Desse innstillingane er omtalte i Del 2, «Felles eigenskapar».

Auk forma

Forma som skal brukast til å utvida skuggen. Vala er: Sirkel (standard), Kvadrat eller Rombe.

X, Y

Dette set koordinata for byrjinga av gløden. Ved å endra desse, kan du gjera gløden tjukkare på éi side.

Sløringsradius

Dette bestemmer storleiken på sløringa.

Aukingsradius

Kor langt skuggen skal utvidast før sløringa. Ein negativ verdi gjer at skuggen vert trekt saman i staden.

Dekkevne

Dette bestemmer kor gjennomsiktig eller einsfarga gløden skal vera.

Farge

Fargen på gløden. Som standard vert den gjeldande forgrunnsfargen brukt, men kan endrast ved å bruka anten knappen for å velja farge eller fargeplukkaren.

Medianfiksing for ikkje-påverka pikslar på kantane

Mediansløringa dekkjer dei urørte pikslane. Set du denne glidebrytaren for høgt, vert resultatet meir likt omriss. Set brytaren berre høgt nok til å dekkja dei tynne hjørna.