Med dette filteret kan du kombinera og bruka fleire stilar på eit lag, som omriss, skugge, fasett, indre glød og biletoverlegg. Sjølv om det er særleg nyttig for tekst, verkar det på andre lag også. Nokre av innstillingane treng ein alfakanal og gjennomsiktige område for å gje best resultat.
Innstillingane inneheld tre delar. Kva del som er synleg, vert sett i Del av filteret som skal visast.
Notat | |
---|---|
Desse innstillingane er omtalte i Del 2, «Felles eigenskapar». |
Innstillingane inneheld tre delar. Du kan bestemma kva del som skal visast ved å velja i nedtrekkslista her. Vala er Farge, Omriss, Skugge, Fasett og indre glød og >Biletopplasting og fasettkonturen.
Innstillingane nedanfor bestemmer farge-, omriss- og skuggestilar.
Dette set fargen på dei ugjennomsiktige områda av laget eller utvalet. Du kan endra fargen med fargeplukkaren eller med fargeknappen.
Dette styrer korleis fargen vert brukt på laget eller utvalet. Vala er:
Ingen farge: ikkje bruk fargen som er vald her.
Multipliser: multipliser farge på laget eller utvalet med den fargen som er vald for stylinga.
Einsfarga: byt it fargen i laget eller utvalet med stylingsfargen.
Når denne er slått på, vert det laga eit omriss rundt kantane av objektet i utvalet eller laget. Innstillingane nedanfor vert brukte for å laga omrisset.
Dekkevna for omrisset kontrollerer kor gjennomsiktig det vert.
Desse bestemmer kvar omrisset skal byrja.
Som standard er desse to glidebrytarane kopla saman. Du kan klikka på låssymbolet til høgre for brytarane for å skilja dei eller kopla dei saman.
Forma som skal brukast for å auka omrisset. Vala er Kvadrat, Sirkel (standard) og Rombe.
Dette bestemmer kor mykje omrisset skal slørast.
Dette bestemmer storleiken på omrisset.
Dette bestemmer fargen på omrisset. Du kan endra farge ved å trykkja på fargeknappen eller fargeplukkaren.
Dette kontrollerer kor synleg og gjennomsiktig skuggegløden i omrisset skal vera. 0,0 for ingen skuggeglød.
Dette bestemmer kvar skuggegløden skal byrja.
Som standard er desse to glidebrytarane kopla saman. Du kan klikka på låssymbolet til høgre for brytarane for å skilja dei eller kopla dei saman.
Dette bestemmer fargen på skuggen / gløden. Du kan endra farge ved å trykkja på fargeknappen eller fargeplukkaren.
Kor langt skuggegløden skal utvidast før sløringa byrjar.
Dette bestemmer kor mykje skuggegløden skal slørast.
Innstillingane under gjeld for fasett og indre glød.
Når denne er slått på, vert det lagt til ein fasettkant. Innstillingane nedanfor bestemmer nøyaktig korleis fasetten vert laga.
Denne vel blandemodusen som vert brukt for å blanda fasetten med laget eller utvalet. Dette påverkar korleis dei vert blanda og såleis den visuelle effekten.
Vala er Multipliser, Legg til, Hardt lys, Gjer mørkare og Farge avskugging.
Du kan velja mellom desse fasettypane: Relieffhump (standard) og Avfasingsfasett.
Relieffhump lagar ein 3D-effekt ved å leggja til ein relieff-effekt oppå sløringa.
Avfasingsfasett simulerer lyssetjinga for ein avfasa 3D-kant. Avfasing er skråkantar mellom to objektoverflater.
Dette bestemmer kor djup effekten skal vera, altså kor djup og detaljert han skal vera.
Dette kontrollerer elevasjonsvinkelen for fasetten.
Dette kontrollerer vinkelen på lyskjelda som lyser opp og skuggelegg fasetten.
Tilgejngeleg berre for Relieffhump. Bestemmer storleiken på oppmjukinga av humpane.
Desse vert brukte for å styra dei låge og høge nivåa for fasetten, og såleis kontrollerer lyse og mørke område.
Dette gjer at omrissfasetten vil ignorera biletdetaljar viss det er eit biletoverlegg under. Det tillét også at omrissfasetten fungerer betre når brukaren vel mørkare fargar.
Denne effekten er i hovudsak meint for Relieffhump og vert lite merkbar når Avfasingsfasett er vald.
Når denne er slått på, vert det lagt til indre glød. Innstillingane nedanfor bestemmer korleis gløden skal sjå ut.
Her vel du blandemodus for å blanda den indre gløden med laget eller utvalet. Dete påverkar korleis dei vert blanda og den visuelle effekten.
Vala er Normal, Overlegg, Skjerm, Hardt lys, Fargeavskugging og Pluss.
Dette bestemmer storleiken på sløringa.
Kor langt den indre gløden skal utvidast før sløringa
Dette bestemmer kor gjennomsiktig eller einsfarga gløden skal vera.
Fargen på gløden. Som standard vert den gjeldande forgrunnsfargen brukt, men kan endrast ved å bruka anten knappen for å velja farge eller fargeplukkaren.
Mediansløringa dekkjer dei urørte pikslane. Set du denne glidebrytaren for høgt, vert resultatet meir likt omriss. Set brytaren berre høgt nok til å dekkja dei tynne hjørna.
Innstillingane nedanfor bestemmer biletoverlegget og stilane for omrissfasetten.
Når denne er slått på, vert eit eksternt bilete brukt som overlegg og juster relaterte innstillingar nedanfor.
Dette vert brukt for å bla gjennom etter ei fil som kan brukast som bileteoverlegg. Dette vert vist øvst i dei ugjennomsiktige delane i laget eller utvalet.
Desse innstillingane verkar for tida ikkje.
Desse innstillingane vert brukte for å justera dekkevna for biletoverlegget. Ved å minska dekkevna, vert det underliggjande synleg gjennom overlegget.
Dette vert brukt til å justera metninga på biletoverlegget, eller alt nedanfor viss det ikkje er vald noko bilete.
Dette vert brukt for å bestemma kor lyst biletoverlegget skal vera, eller alt nedanfor viss ikkje noko bilete er merkt.
Når slått på og også Slå på omriss er slått på, kan innstillingane nedanfor brukast for å setja tilleggsalternativ for omrisset.
Når denne er slått på saman med avanserte innstillingar, kan du laga omriss for fasetteringa.
Her vel du blandemodus for å blanda fasetten med omrisset. Dette påverkar korleis dei vert blanda og såleis også den visuelle effekten.
Vala er Multipliser, Legg til, Hardt lys, Gjer mørkare og Farge avskugging.
Dette bestemmer kor djup effekten skal vera, altså kor djup og detaljert han skal vera.
Dette kontrollerer elevasjonsvinkelen for fasetten.
Dette kontrollerer vinkelen på lyskjelda som lyser opp og skuggelegg fasetten.
Denne bestemmer kor mykje humpane skal glattast ut.
Når denne er slått på saman med avanserte innstillingar, kan du laga omriss for fasetteringa.
Denne vert brukt for å sjå gjennom datamaskinen etter eit bilete som kan brukast som biletoverlegg for omrisset. Dette vert vist øvst i dei ugjennomsiktige delane av omrisset.
Desse innstillingane verkar for tida ikkje.
Desse innstillingane vert brukte for å justera dekkevna for biletoverlegget. Ved å minska dekkevna, vert det underliggjande synleg gjennom overlegget.
Desse vert brukte for å justera høg- og lågnivået for omrissfasetten, noko som kontrollerer mørke og lyse område.
Dette gjer at omrissfasetten vil ignorera biletdetaljar viss det er eit biletoverlegg under. Det tillét også at omrissfasetten fungerer betre når brukaren vel mørkare fargar.