Denne kommandoen let deg henta ut ein spesifikk fargekomponent frå det gjeldande laget. Dette vert representert som eit gråtonelag. Det liknar på Separer, men hentar ut berre éin komponent. Effekten vert utført berre på det gjeldande laget i staden for å oppretta eit nytt bilete.
«Forval» er ein felles eigenskap for fleire fargekommandoar. Du finn nærare forklaring i Del 8.1.1, «Felles eigenskapar for fargar».
Komponent som skal trekkjast ut. Standard er RGB Raud: alle lagpikslar som har den raude komponenten i fargen vert trekt ut for å laga grå pikslar. Grå pikselverdi er verdien til den raude kanalen (for eksempel vil ein 153;70;17 RGB-piksel gje ein 153;153;153 grå piksel).
Inventer alle pikslane frå den uttrekte komponenten.
Bruk lineære utdata i staden for gammakorrigerte.
Dette er felles eigenskapar forklarte i Del 8.1.1, «Felles eigenskapar for fargar».