I denne seksjonen kan du finne hjelp om postane i menyen
.Notat | |
---|---|
I tillegg til kommandoane som er omtalte her, kan du også finna andre menyoppføringar. Dei er ikkje ein del av GIMP, men er lagt til av eit tredjeparts programtillegg. Du kan finna dokumentasjon om programtillegga i dokumentasjonen som følgjer med dei. |
Dei GEGL-baserte filtera i
-menyen har fleire innstillingar felles. Nokre av desse instillingane vert viste berre i spesielle samanhengar.Forvala er ein rask måte å velja tidlegare lagra innstillingar for filteret du brukar. Viss du har lagra forval tidlegare, kan du velja dei frå lista eller du kan du lagra dei gjeldande innstillingane ved å trykkja knappen .
Knappen opnar menyen over forvala der du kan importera gjeldande innstillingar frå fil eller eksportera gjeldande innstillingar til fil og gjev deg tilgang til handsam lagra forval.
Notat | |
---|---|
Nedtrekkslista for inngangstypar er synleg berre når eit utval er i bruk og filteret tillét at du vel inngangen. |
Bruk utvalet som inngang: Viss dette valet er merkt, vil filteret bruka berre pikslar inne i utvalet som inngang for filteret.
Bruk heile laget som inngang: Viss denne er merkt, vert heile laget brukt som inngang for filteret. Utgangen vil påverka berre utvalet. Laget utføre utvalet vert uendra.
Notat | |
---|---|
Nedtrekkslista for klipping er synleg berre når det gjeldande laget har ein alfakanal, ingen utval er gjeldande og filteroperasjonen kan endra lagstorleiken. |
Denne innstillinga bestemmer kva som skal gjerast når resultatet av filteret vert større enn det opphavlege laget.
Juster: Storleiken på laget vert endra automatisk når det er nødvendig. Dette er standard.
Klipp: Resultatet vert klipt til laggrensene.
Når du utvidar dette valet ved å klikka kan du velja kva blandemodus og gjennomsikt som skal brukast når du tek i bruk filteret. Desse arbeidar på same måten som innstillingane for lagblanding.
Dette valet er som standard merkt av og viser endringane direkte på lerretet.
I utgangspunktet er GEGL-filtra brukt ikkje-destruktive som lageffektar, noko som betyr at dei seinare kan verta endra. Du kan slå på dette valet om du ønskjer å bruka dette filteret straks på sjølve laget.
Alternativet vert hugsa, så du treng berre å endra det éin gong viss du heile tida ønskjer å bruka filtera destruktivt.
Viss det er merkt av for dette alternativet, vert biletvindauget delt i to. Den venstre sida viser filtereffekten medan den høgre delen viser det opphavlege biletet utan filteret.
Notat | |
---|---|
Du kan klikka og dra delelinja for å flytta ho. Trykk Ctrl-tasten medan du dreg for å gjera linja vassrett eller for å setja ho tilbake til loddrett. |