Figur 17.169. Eksempel på bruk av filteret «DoG kantfinning»
Det opphavlege biletet
Filteret «DoG kantfinning» brukt med radius 1 = 1,000 og radius 2 = 0,100.
Dette filteret finn kantane ved å bruka algoritmen som er kalla «Gaussiske skilnadar» som verkar ved å utføra to Gaussiske sløringar på biletet med ulik sløringsradius og deretter trekkja dei frå kvarandre for å få resultatet.
Denne algoritmen er mykje brukt i kunstig syn, og er ganske rask fordi det er ein svært effektive metoder for å laga Gaussisk sløring.
|
Notat |
|---|---|
|
Desse innstillingane er omtalte i Del 2, «Felles eigenskapar». |
Radius 1 og Radius 2 er sløringsradius for dei to gaussiske sløringene. Aukar du «Radius 1» vil dette ofte føra til tjukkare kantar medan å redusera «Radius 2» ofte vil auka «terskelen» for å oppfatta noko som ein kant.
Viss du ønskjer å laga noko som liknar på ei skisse, vil som oftast «Radius 2» mindre enn «Radius 1» gje den beste løysinga.
Når du har ein lys figur på ein mørk bakgrunn, kan du få eit betre resultat ved å reversera dei.