8.44. Mantiuk 2006

8.44.1. Oversyn

Figur 16.198. Eksempel på bruk av «Mantiuk 2006» tonetilordning

Eksempel på bruk av «Mantiuk 2006» tonetilordning

Det opphavlege biletet

Eksempel på bruk av «Mantiuk 2006» tonetilordning

Filter brukt med standardinnstillingar, etter endring av biletpresisjonen i GIMP til 32-bits desimalpunkts lineært lys.


Dette filteret kan brukast for å tilpassa eit bilete med høgt dynamisk område (HDR) for presentasjon ved bruk av eit lågt dynamisk område. Denne operasjonen avgrensar kontrastar over fleire romlege frekvensar og lagar luminans innføre området 0,0-1,0.

Denne tonetilordningstilnærminga vart opphavleg presentert av Rafał Mantiuk, Karol Myszkowski, Hans-Peter Seidel. «A Perceptual Framework for Contrast Processing of High Dynamic Range Images (revised and extended version)». I: ACM Transactions on Applied Perception 3, 3 (2006), pp. 286-308.

[Notat] Notat

Filteret er sakte på store bilete. For å finna dei beste innstillingane kan du gjera eit lite, relevant utval for å prøva filteret og lagra innstillingane som forval før du brukar det på heile biletet.

8.44.2. Slik slår du på filteret

Du har tilgang til filteret frå hovudmenyen under FargarTonetilordningMantiuk 2006 ….

8.44.3. Innstillingar

Figur 16.199. Dialogvindauget for «Mantiuk 2006»

Dialogvindauget for «Mantiuk 2006»

Forval

«Forval» er ein felles eigenskap for fleire fargekommandoar. Du finn nærare forklaring i Del 8.1.1, «Felles eigenskapar for fargar».

Kontrast

Graden av kontrastkomprimering.

Metning

Global fargemetningsfaktor.

Detaljar

Nivå av vekt på detaljar i fargeovergangen i biletet.

Inngangstype, Klipping, Blandeinnstillingar, Førehandsvising, Flett samman filter, Delt vising

Dette er felles eigenskapar forklarte i Del 8.1.1, «Felles eigenskapar for fargar».