«Laggrupper» gjer at du kan gruppera lag i hierarkiske strukturar. Dette gjer det enklare å handsama prosjekta når dei inneheld mange lag.
You can create a layer group by clicking the Layers Dialog, by using the menu command → , or through the Layers dialog context menu.
button at the bottom of theDenne tomme laggruppa dukkar opp like over det gjeldande laget. Det vert rådd til å gje gruppa eit forklarande namn ved å dobbeltklikka på lagnamnet, ved å trykkja F2 eller å bruka Rediger lagatributta i sprettoppmenyen som kjem fram når du høgreklikkar i lagdialogvindauget. Dette er betre enn dei namna som elles vert sette automatisk, som Laggruppe#1, Laggruppe#2 osv.
Du kan oppretta fleire laggrupper og du kan byggja dei inn, det vil seia å leggja ei laggruppe inn i ei anna laggruppe.
Du kan legge eksisterande lag til ei laggruppe ved å klikke og dra.
Notat | |
---|---|
Handa som representerer musepeikaren må verta mindre før du slepp museknappen. Ei tynn vassrett linje viser kvar laget vert sett inn. |
For å leggja eit nytt lag til den gjeldande laggruppa, klikk på knappen nedst i lagdialogvindauget, eller bruk valet i hovudmenyen eller bruk tastekombinasjonen Shift+Ctrl+N.
Når ei laggruppe ikkje er tom, vert dette vist med eit lite ikon . Klikk på dette for å falda ut eller falda saman gruppa.
Lag som høyrer til same laggruppa er flytt lite grann mot høgre slik at det skal verta enklare å sjå kva lag som er delar av gruppa.
Viss ei laggruppe er gjort usynleg ved hjelp av augeikonet, men framleis er open (slik at laga inne i gruppa vert viste i lista), vert det vist eit utstrekkt auge ved sida av laga som er inne i gruppa for å indikera at desse laga er ikkje vert viste i den endelege visinga av biletet, men er teoretisk synleg i laggruppa.
Du kan løfta og senka laggrupper på same måten om du gjer med vanlege lag, altså ved å klikka og dra eller bruka piltastane Pil opp og Pil nednedst i lagdialogvindauget.
Du kan duplisera ei laggruppe ved å klikka på knappen Dupliser laget i sprettoppmenyen.
nedst i lagdialogvindauget eller ved å høgreklikka og veljaDu kan flytta ei laggruppe til eit anna bilete ved å klikka og dra. Ein annan måte er å kopiera og lima inn ved hjelp av Ctrl+C og Ctrl+V: Dette vil gje eit flytande utval som du må forankra ( ved å trykkja på knappen nedst i Lagdialogvindauget).
You can also move a layer group to the canvas: this duplicates the group in the group. Select the layer group, select the Move tool, then, in the image, move the layer. That's one way to multiply multi-layer objects in an image.
Trykk knappen nedst i lagdialogvindauget for å sletta ei eller fleire laggrupper, eller dra og slepp dei merkte laggruppene på knappen, eller bruk kommandoen Slett lag frå hovudmenyen eller frå sprettoppmenyen i lagdialogvindauget.
Når ei laggruppe er gjeldande, kan du leggja ei anna laggruppe inn i denne med kommandoen «Legg til ny laggruppe». Det ser ikkje ut til å vera andre grenser for kor mange grupper som kan leggjast til anna enn mangel på minne.
Lagmodus som vert brukt på ei laggruppe vert brukt på alle laga i gruppa. Lagmodus brukt over ei laggruppe, vert også brukt av alle laga nedanfor anten dei er med i ei laggruppe eller ikkje.
Laggruppene har ein spesiell modus: Gå gjennom-modus. Denne modusen finst berre når ei laggruppe er i bruk.
Når denne mofusen vert brukt i staden for ei anna gruppe, vil laga inne i laggruppa oppføra seg som om dei var ein del av lagstabelen og ikkje høyra til gruppa. Lag inne i gruppa blandar seg med laga nedanfor, anten dei er inne i eller utanfor laggruppa.
Medan dei er i normal-modus vert lag i ei gruppe handsama som om dei var eit enkelt lag og vert blanda med andre lag nedanfor i stabelen. Ein modifikator på eit lag inne i gruppa blander seg berre med lag nedanfor i gruppa.
Du kan finna meir om «gå gjennom» i Gå gjennom .
Når ei laggruppe er slått på, vil endringar i dekkevna gjelda alle laga i gruppa.
Masker er også tilgjengelege i laggrupper. Dei arbeidar på same måten som vanlege lagmasker med dei unnataka som er nemnde nedanfor.
Storleiken på maskene i laggruppa er alltid den same som den kombinerte storleiken på alle undergruppene. Når storleiken på gruppa vert endra, vert maska klipt til den nye storleiken ‒ område av maska som fell utføre dei nye grensene vert forkasta og område som nyleg er lagt til vert fylte med svart (og er difor som standard gjennomsiktige).
Sjølvsagt kan du framleis leggja til ei lagmaske til eit lag i gruppa for å maskera ut delar av laget.
Når du arbeidar med mange lag, kan det vera vanskeleg å finna eit bestemt lag. For å finna ut kva lag eit bestemt biletelement høyrer til, bruk lagutveljing på lerretet via Alt+Midtklikk på biletelementet. Alle tilgjengelege lag vert lista opp i tur og orden for å visa det nye, gjeldande laget. Namnet på laget vert mellombels vist på statuslinja.
Det har vore problem med at førehandsvisinga av store bilete med mange lag har vore svært sakte. Viss du opplever dette, kan du slå av førehandsvisinga i
→ → .