2. Dialogvindauge relaterte til biletstruktur

Dialogvindauga i denne gruppa gjev deg kontroll med dei funksjonane som har med biletoppbygginga å gjera, altså lag, kanalar og banar.

2.1. Lagdialogvindauget

Figur 15.1. Lagdialogvindauget

Lagdialogvindauget

Den viktigaste staden for å redigera, endra og handsama lag er i dialogvindauget

2.1.1. Slå på dette dialogvindauget

Dette er eit dokkpanel som kan limast inn i andre dokkpanel. Sjå nærare om dette i Del 2.3, «Dialogvindauge og dokkpanel».

Du har tilgang til det:

  • frå hovudmenyen via VindaugeDokkpanelLag,

  • frå fanemenyen i eit anna dokkpanel ved å klikka på fana og velja Legg til faneLag,

  • frå (standard)snarvegen Ctrl+L.

Dersom minst eitt dialogvindauge er ope, kan du i menyen Vindauge finna ei liste over løyste vindauge. Du kan i tilfelle løfta dialogvindauget «Lag» frå hovudmenyen: VindaugeLag.

2.1.2. Å bruka lagdialogvindauget

Oversyn

Alle laga vert viste i lagdialogvindauget som miniatyrar. Dersom det er fleire lag i biletet, får du ei heil liste med miniatyrar. Det øvste laget i denne lista er det første synlege laget. Det nedste laget, bakgrunnen, er minst synleg, om synleg i det heile. Over denne lista er det ein del innstillingar som gjeld for kvart einskild lag. Under lista nokre knappar som gjeld for heile lista. Dersom du høgreklikkar på miniatyren for eit lag, dukkar sprettoppmenyen for lag opp.

Vel fleire lag

I GIMP kan du merkja fleire lag og utføra handlingar på dei. Du kan for eksempel flytta dei til ein annan stad i lagstabelen, skalera dei og så vidare. Du legg til fleire lagområde ved å halda nede Shift-tasten medan du brukar musepeikaren. Hald nede Ctrl-tasten for å leggja til eller fjerna laget du klikkar på.

Fleire handlingar kan likevel berre utførast på eitt enkelt lag. Viss du prøvar å bruka ei slik handling, for eksempel målarpenselen, får du ei åtvaring om at du ikkje kan gjera dette før du har vald eit enkelt lag.

Laglisteoverskrift

Like over lista over laga finn du «overskriftlinja». Til venstre på denne linja finn du tre ikon som viser kva for kolonne som vert vist, låsing og lageffektar. I midten ein tekst som viser kor mange lag som er merkte viss det er fleire enn eitt. Til høgre eit søkjeikon. Klikkar du på dette, vert det opna eit søkjedialogvindauge der du kan søkja etter lag.

Søk lag og lagra søk

Har du svært mange lag i biletet, kan det vera greit å kunna søkja etter bestemte lag. Så snart du byrjar å skriva i søkjefeltet, vil det koma opp ei liste over lagnamn som inneheld det du har skrive inn. Multiple lag vert merkte om dei passar i søket.

Under søkjefeltet finn du eit plussikon. Ved å klikka på dette kan du leggja til gjeldande søk som eit nytt namngjeve sett. Dette søket, og tidlegare definerte søk, vert viste under søkjefeltet. Viss du klikkar på eit av desse lagra søkja, vert alle laga som samsvarar med søkjeordet. Kvart lagra søk har eit lukkeikon i høgre hjørne som du kan bruka til å fjerna det lagra søket.

Lageigenskapane

Every layer is shown in the list with its own attributes:

Lagvisinga

Du kan gjera laget usynleg eller synleg ved å klikka på dette symbolet. Dersom du held nede Shift-tasten samstundes, vert alle dei andre laga gøymde.

Lås alfakanalen

Klikkar du i ein tom avmerkingsboks i lås-kolonnen i eit lag, vert det opna ein meny med desse vala:

Lås pikslar

Dersom denne er slått på, kan du ikkje bruka penselbaserte verktøy (målarpensel, blyant, viskeler osv.), luftpenselen og pennen på det gjeldande laget. Dette kan vera nødvendig for å hindra uønskte endringar.

Lås plassering og storleik

Dette slår av eller på vernet av lag mot å verta flytt rundt eller å transformera dei. Når denne er slått på, kan du ikkje transformera (rotera, klippa, endra perspektiv osv.) eller flytta det.

Lås synlegheita

This toggle button controls the «Lock» setting for the visibility of the layer. If this is enabled, the layer visibility cannot be changed until you disable the lock.

Lås alfakanalen

Denne vekselbrytaren slår av eller på «Lås» for gjennnomsikta av laget. Viss denne er slått på, er alfakanalen låst og du kan du ikkje gjera endringar på det. Ingenting av det du gjer på eit gjennomsiktig område har nokon effekt.

Figur 15.2. Eksempel på bruk av «lås alfakanalen»

Eksempel på bruk av «lås alfakanalen»

Det gjeldande laget har tre vassrette, gjennomsiktige, grøne linjer på ein gjennomsiktig bakgrunn. Oppå dette er det teikna ei loddrett, raud stripe. Det er ikkje merkt av for «lås alfakanalen». Ugjennomsiktige og gjennomsiktige område i det gjeldande laget vert teikna med raudt.

Eksempel på bruk av «lås alfakanalen»

«Lås» avkryssa : Berre dei ugjennomsiktige områda i det gjeldande laget er teikna med raudt. Gjennomsiktige område er framleis gjennomsiktige.


[Tips] Tips

Dersom lagnamnet vert vist i lagdialogvindauget i utheva skrift, betyr dette at laget manglar alfakanal.

Lageffektar

Når dette ikonet er synlig, viser det at det finst lageffektar i dette laget. Viss du klikkar på det, vert det opna eit dialogvindauge med ei liste over effektane i dette laget. For kvar effekt kan du endra kor syleg han skal vera, rekkjefølgja på effektane, slå effektane saman med laget eller fjerna dei.

Lageffektar er filter som endrar laget på ein ikkje-destruktiv måte. Dette betyr at dei kan leggjast til, fjernast eller andrast utan at sjølve laget vert endra. Dei vert i staden lagt til effektane på toppen av laget.

Mange av GEGL-filtra i farge- og filtermenyen kan brukast på denne måten. Dialogvindauget for lageffektar inneheld desse delane:

Liste over lageffektar

Øvst er det ei liste over effektar som er lagt til i laget. Merk at effektane vert lagde på toppen av laget og byrjar med effekten nedst i lista.

Til venstre for kvar effekt er det eit augeikon. Dette kan du klikka på for å visa eller gøyma effekten. Ved sida er det eit ikon for filtereffekt.

Knappar

Det er tre knappar nedst har desse funksjonane:

Synlegheita til lageffektane

Denne brytaren slår av og på visinga av alle lageffektane. Til vanleg er alle effektane synlege. Klikkar du på brytaren, vert alle effektane slått av slik at du kan sjå pikselinnhaldet i laget.

Rediger det valde filteret

Denne knappen vert brukt for å opna dialogvindauget for det gjeldande laget slik at du kan endra innstillingane. Du kan også dobbeltklikka på lageffekten i lista for å opna vindauget.

Løft lageffekten

Her kan du lyfta lageffekten opp i lista.

Senk lageffelten

Her kan du flytta lageffekten nedover i lista.

Flett alle filtera som er i bruk

Trykk på denne knappen for å fletta saman alle gjeldande (synlege) effektar med innhaldet i laget. Lageffektane vert fjerna frå laget når dei vert fletta saman med det.

Fjern det merkte filteret

Denne knappen fjernar den valde lageffekten.

Lagminiatyr

Laginnhaldet vert vist som ein miniatyr. Hald venstre museknapp nede eit sekund på miniatyren for å gjera han større. Fargen på ramma viser om laget er i bruk eller ikkje.

Lagnamnet

Du kan endra namnet på laget ved å dobbeltklikka på namnet. Du kan også bruka dialogvindauget Rediger lagattributta i sprettoppmenyen som kjem opp når du høgreklikkar på laget.

[Notat] Notat

Dersom laget er eit animasjonslag (GIF eller MNG), kan det vera lurt å gje laget eit namn som inneheld ein del parametrar: Lag_namnet (pause i ms) (kombinasjonsmodell). For eksempel «Ramme_1 (100 ms) (byt ut)». Pause («delay») bestemmer kor lenge laget skal vera synleg. Kombinasjonsmodellen bestemmer korleis overgangen mellom to bilete skal vera. Du kan velja mellom (kombiner) og (byt ut).

Lageigenskapar

Over laglista kan du bestemma ein del av eigenskapane til det valde laget, dvs. det laget som er utheva i lista. Eigenskapane er:

Modus

Lagmodus bestemmer korleis laget skal blandast med dei andre laga, og kunne kanskje like gjerne ha heitt blandemåte. Du vel modus frå nedtrekkslista. Alle dei ulike modusane er nærare omtalte i Del 2, «Lagmodus».

Dekkevne

Du bestemmer dekkevna for laget, dvs. kor gjennomsiktig det skal vera, med glidebrytaren. Ei dekkevne på 0 betyr at laget er fullstendig gjennomsiktig, medan ei dekkevne på 100 betyr at laget har full dekkevne og altså er fullstendig ugjennomsiktig. Dette er ikkje det same som lagmasker, som set gjennomsikt piksel for piksel.

Lagstyring

Under laglista finn du eit sett med knappar som vert brukte for å gjera nokre grunnleggjande operasjonar på laglista.

Opprett eit nytt lag

Her kan du oppretta eit nytt lag. Det vert opna eit dialogvindauge som er omtalt i Nytt lag.

Trykk Shift-tasten for å opna eit nytt lag med dei sist brukte innstillingane.

Opprett ei ny laggruppe

Her kan du laga ei ny laggruppe. Det vert laga eit nytt lag der du kan setja eit lag.

Laggrupper er omtalte i Laggrupper.

Løft laget

For kvart klikk på denne knappen vert det gjeldande laget lyft eitt steg høgare opp i stabelen. Held du samstundes nede Shift-tasten, vert laget lyft heilt til topps.

Senk laget

For kvart klikk på denne knappen vert det gjeldande laget senka eitt steg nedover i stabelen. Held du samstundes nede Shift-tasten, vert laget senka heilt til botnen.

[Tips] Tips

Før du kan flytta botnlaget, kan det vera nødvendig å leggja til ein alfakanal (gjennomsikt). Dette gjer du ved å høgreklikka på bakgrunnslaget og velja Legg til alfakanal frå menyen som dukkar opp.

Dupliser laga

Her kan du oppretta ein kopi av dei merkte laga. Kopiane får same namnet som originalen med «Kopi av» framføre.

Flett lag Forankra laget

Knappen Forankra laget er synleg berre når det finst eit flytande utval. Han forankrar det flytande laget til det førre gjeldande laget.

Når det ikkje er noko flytande utval, vert ikonet Flett saman lag vist med fleire moglege val:

  • Flett saman desse laga med det første synlege lage under det.

  • Trykk Shift-tasten: flett laga i laggruppa saman til eitt normallag.

  • Trykk Ctrl: flett synlege lag til eitt lag.

  • Trykk Shift+Ctrl: flett alle synlege lag med sist brukte verdiar.

Legg maske til laga

Legg maske til dei valde laga.

Slett laga

Her kan du sletta dei merkte laga.

Fleire lagfunksjonar

Du kan finna fleire funksjonar for lagstorleik i sprettoppmenyen for laga som kjem fram når du høgreklikkar i lagdialogvindauget. Du finn dei også i undermenyen Lag i hovudmenyen.

Du finn funksjonar for lagfletting i hovudmenyen for biletet.

Klikk-og-dra lag

Dersom du held nede museknappen over miniatyren eller lagnamnet, vert visinga av miniatyren større, og du kan flytta laget dit du ønskjer ved å dra musepeikaren. Det er også råd å velja og flytta fleire lag samstundes.

  • Du kan sleppa laget eller laga ned på ein annan plass i lista.

  • Du kan også sleppa laget ned i verktøykassen for å oppretta eit nytt bilete av berre dette laget. Dette verkar ikkje om du har merkt fleire lag.

  • Endeleg kan du sleppa laget ned i eit anna bilete. Laget vert lagt inn i laglista over dei som er der frå før.

2.1.3. Sprettoppmenyen for lagdialogvindauget

Du får opp ein sprettoppmeny for lagdialogvindauget ved å høgreklikka i dialogvindauget for lag eller ved å opna Lagmeny frå fanemenyen.

Dei fleste oppføringane i denne menyen er dokumentert ovanfor eller andre stader:

Rediger lagattributta …

Med unatak for Breidd, Høgd og Fyll med er dette dialogvindauget det same som dialogvindauget Nytt lag. Difor refererer vi til dette dialogvindauget for informasjon om lagattributta.

Undermenyen for blandefunksjonen

Sjå Bland mellomrom i dialogvindauget for nytt lag.

Undermenyen for samansett rom

Sjå Samansett plass i dialogvindauget for nytt lag.

Undermenyen for samansett modus

Sjå Samansett modus i dialogvindauget for nytt lag.

Undermenyen for fargetagg

Sjå dokumentasjonen for Fargetagg i dialogvindauget for nytt lag.

Nytt lag …, Ny laggruppe, Dupliser laga, Flett nedover, Forankra laget, Slett laga

Desse kommandoane er forklarte ovanfor, sjå lagkarakteristikkane.

Nytt frå synlege

Sjå dokumentasjonen for menykommandoen Nytt frå synlege.

Storleik på laggrense …

Sjå dokumentasjonen for menykommandoen Storleik på laggrensene ….

Laga til biletformatet

Sjå dokumentasjonen for menykommandoen Laget til biletstorleik.

Skaler laget …

Sjå dokumentasjonen for menykommandoen Skaler laget ….

Legg til lagmasker …, Bruk lagmasker, Slett lagmasker, Vis lagmaskene, Rediger lagmasker, Slå av lagmaskene, Masker til utval

Sjå dokumentasjonen for Undermennyen for lagmaske for desse komandoane.

Legg til alfakanal, Fjern alfakanal

Berre ein av desse vil vera tilgjengeleg. Viss det gjeldande laget ikkje har alfaknal, kan du leggja til ein. Viss laget har alfakanal, kan du fjerna han.

Alfa i utval

Sjå dokumentasjonen for menykommandoen Alfa til utval.

Flett saman synlege lag

Denne kommandoen slår saman alle synlege lag til eitt lag.

Flat ut biletet

Denne kommandoen slår saman alle synlege lag til eitt lag og fjernar gjennomsikt.

2.1.4. Lagmasker

Figur 15.3. Dialogvindauget «Legg til maske»

Dialogvindauget «Legg til maske»

Oversyn

I kvart lag kan du leggja til ei maske som styrer gjennomsikta for pikslane i biletlaget. Ei slik maske vert kalla ei lagmaske, og har same storleik og mengde pikslar som laget ho er knytt til. Kvar piksel i maska er kopla saman med tilsvarande piksel i laget. Maska er eit sett med pikslar i gråtoner. Pikslane med verdi 0 er svarte og gjev full gjennomsikt til den pikselen det er kopla saman med i laget. Ein piksel med maksimal verdi (anten 1,0 eller 255) er kvit, og gjer at den tilsvarande pikselen i laget ikkje har gjennomsikt i det heile. Pikselen har full dekkevne.

Du kan oppretta ei lagmaske ved å høgreklikka på laget i lagdialogvindauget for å få fram sprettoppmenyen, og deretter klikka på Legg til lagmaske … i menyen. Det vil då dukka opp eit dialogvindauge der du kan bestemma innhaldet i maska:

  • Kvit (heilt ugjennomsiktig): Maska er kvit i lagdialogvindauget, noko som gjer alle pikslane i laget synlege i biletvindauget. Fargar du maska svart, vert alle pikslane i laget gjennomsiktige, altså usynlege.

  • Svart (heilt gjennomsiktig): Maska er svart i lagdialogvindauget. Laget er fullstendig gjennomsiktig sidan svart gjer alle pikslane i laget usynlege. Fargar du maska kvit, vert alle pikslane i laget ugjennomsiktige, altså synlege.

  • Alfakanalen til laget: Maska vert sett opp i høve til innhaldet i kanalen sin alfakanal.

  • Overfør alfakanalen for laget: Gjer det same som føregåande, men alfakanalen vert sett til full dekkevne, altså ugjennomsiktig.

  • Utval: Maska vert sett opp i høve til pikselverdiane i det gjeldande utvalet.

  • Gråtonekopi av laget: Maska vert sett opp i høve til gråtonerepresentasjonen av pikselverdiane i laget.

  • Kanal: Lagmaska vert sett opp med ei utvalsmaske du har laga tidlegare og lagra i kanaldialogvindauget.

  • Inverter maska: Avkryssingsboksen gjev deg høve til å invertera verdiane: svart vert til kvitt og kvitt til svart.

Når maska er laga, finn du ho som ein miniatyr ved sida av miniatyren av laget. Du kan velja laget eller maska ved å klikka på ein av miniatyrane. Det gjeldande elementet har ei kvit ramme, som ikkje er synleg når du har ei kvit maske.

Når du arbeidar med masker, er det ein god idé å halda Lagdialogvindauget synleg, fordi det er uråd å sjå på lerretet om laget eller maska er i bruk.

Å trykkja Alt (eller Ctrl+Alt og klikka på miniatyrbiletet for lagmaska) svarar til kommandoen Vis lagmaske: lagmaskeramma vert grøn. Viss du trykkjer Ctrl er ramma raud og resultatet svarar til kommandoen Slå av lagmaske. Gjenta den siste operasjonen for å gå tilbake til normal vising. Desse alternativa er for å gjera arbeidet makelegare.

Eksempel på bruk av lagmaske

Figur 15.4. Eit lag med lagmaske

Eit lag med lagmaske

Dette biletet har eit bakgrunnslag med ein fugl og eit anna fullstendig ugjennomsiktig blått lag med ei kvit lagmaske. Det blå laget er synleg fordi ei kvit lagmaske gjer alle pikslane synlege.


Figur 15.5. Å male på lagmaska

Å male på lagmaska

Det er teikna med svart på den gjeldande lagmaska. Sidan svart gjer laget gjennomsiktig, er det underliggjande laget synleg der det er teikna.