4.13. Ramme

Figur 16.30. Å laga ei ramme frå eit utval

Å laga ei ramme frå eit utval

Eit bilete med eit utval

Å laga ei ramme frå eit utval

Ramme laga frå utvalet


Kommandoen Ramme lagar eit nytt utval rundt det gjeldande utvalet med dette som mønster. Ramma vert liggjande med halvparten av breidda på innsida, og den andre halvparten på utsida av det gjeldande utvalet. Du kan skriva inn breidda på ramma i pikslar eller andre måleeiningar i dialogvindauget.

4.13.1. Slå på kommandoen

Du får tilgang til denne kommandoen frå hovudmenyen via UtvalRamme ….

Menyoppføringa er slått av viss det ikkje er noko utval.

For å bruka denne kommandoen må to vilkår vera oppfylte:

  • Biletet må ha ein alfakanal.

  • Det opphavlege biletet må vera laga med «kantutjamning» avkryssa for det utvalsverktøyet som er brukt.

4.13.2. Beskriving av dialogvindauget «Ramme»

Figur 16.31. Dialogvindauget «Ramme»

Dialogvindauget «Ramme»

Rammebreidde

Skriv inn breidda på ramma. Til vanleg vert denne oppgjeve i pikslar, men du kan endra dette til andre måleeiningar ved hjelp av nedtrekkslista.

Kantstil
  • Hard: Dette valet har ikkje kantutjamning. Dette kan vera nyttig i nokre tilfelle.

  • Mjuk: Dette valet lagar ikkje kantutjamning, difor må kantutjamning vera slått på når utvalet vert laga. Dette valet er det beste.

  • Mjuk kant: Dette valet gjer det same som «Hard», men i staden for å gjera kanten fullt utvald tonar det ned utveljinga utover. Resultatet er ikkje mykje å skryte av dersom du ønskjer ein mjuk kant, då er det betre å bruka ei av dei andre innstillinga og laga mjuk kant etterpå. Valet er her av historiske årsaker.

Figur 16.32. Samanlikning mellom rammestilane

Samanlikning mellom rammestilane

«Hard» forstørra 800 % i utvalshandsamaren

Samanlikning mellom rammestilane

«Mjuk» forstørra 800 % i utvalshandsamaren

Samanlikning mellom rammestilane

«Mjuk kant» forstørra 800 % i utvalshandsamaren


Merkte område held fram utføre biletet

Med dette valet slått på, vert det ikkje gjort endringar på den kanten av utvalet, oftast eit rektangel, som fluktar med biletkanten. Det vert ikkje laga eit nytt utval langs denne kanten.

Figur 16.33. Vald ramme langs biletkanten med og utan «Merkte område held fram utføre biletet»

Vald ramme langs biletkanten med og utan «Merkte område held fram utføre biletet»

I midten ramme utan låsing, til høgre med låsing.

Vald ramme langs biletkanten med og utan «Merkte område held fram utføre biletet»

Same utvalet fylt med raudt.