Lupeverktøyet vert brukt for å endra forstørringsnivået i det gjeldande biletet. Klikkar du på biletet, vert heile biletet forstørra. Held du nede Ctrl-tasten medan du klikkar, vert prosessen reversert. Du kan også klikka og dra for å laga eit forstørringsrektangel og tilpassa rektangelet til storleiken på biletvindauget.
Du kan slå på verktøyet på mange måtar:
Frå biletmenyen via
→ .Ved å klikka på verktøysymbolet
i verktøykassa.
Hald nede Ctrl-tasten medan du klikkar på eit punkt for å endra frå forstørring til forminsking og omvendt, avhengig av kva innstilling du har gjort i verktøyinnstillingane (sjå nedanfor).
Du kan variera forstørringsgraden ved å halde nede Ctrl-tasten samstundes som du bruker musehjulet.
Normalt vert innstillingane for det valde verktøyet vist under verktøykassa så snart som du slår på verktøyet. Dersom dette ikkje er tilfelle, kan du få tilgang til dei frå biletmenyen via
→ → som vil opna verktøyinnstillingane for det valde verktøyet. Du kan også opna verktøyinnstillingane ved å dobbeltklikka på det tilsvarande verktøyikonet i verktøykassen.Denne innstillinga gjeld berre i fleirvindauge-modus.
Dette alternativet verkar førebels ikkje etter intensjonane. Bruk innstillingane Endra vindaugestorleik ved endring av biletvisinga i Brukarinnstillingar for biletvindauget i staden.
Her bestemmer du om lupa skal forstørre eller forminske.
Lupa er ikkje den einaste måten å påverka kor stort biletet skal visast på skjermen. Du kan også bruke forstørr-menyen. Denne menyen gir deg mellom anna høve til å bestemma meir nøyaktig kor mykje biletet skal forstørrast eller forminskast.