Kommandoen Vis utvalsgrensene slår av og på prikkelinja som viser yttergrensene for eit utval i biletvindauget. Hugs at utvalet er der, sjølv om omrisset ikkje er synleg.
Du kan setja standard for vising av utval i Innstillingar for biletvindauget.
Du har tilgang til dette menyvalet frå hovudmenyen via Vis → Vis utval,
eller med snarvegen Ctrl + T.